Hopp til innhold

Storfe redda etter fem timar i gjødselkjellar

Alle dei tre storfea som falt ned i ein gjødselkjellar tidlegare i dag er no henta opp og i live.

Kyr ramla ned i gjødselkjellar

REDNINGSAKSJON: Brannvesenet jobba i fem timar for å få dyra opp frå gjødselkjellaren i Farsund.

Foto: Svein Morten Havaas / Lister24

Det var ved 09.40-tida brannvesenet rykte ut etter melding om at tre storfe hadde falle ned i ein gjødselkjellar på Rudjord i Farsund.

Rett før klokka 10 var eitt av kyrne henta opp. Rundt klokka 13.30 stod framleis to av kyrne nede i gjødselkjellaren.

– Det er utfordrande arbeid å komme til med verktøy for å løfte kyrne som eg ein del. Vi er førebels ved godt mot. Det er tørt i gjødsla, så dei har litt å flyte på, slik at dei ikkje søkk ned. Men det er eit krevjande arbeid, sa innsatsleiar i brannvesenet, Endre Børufsen.

Brannvesenet har vore på staden i fem timar og jobba med å få storfeet opp.

Storfe ramla ned i gjødselkjellar

Ved 13.30-tida jobba brannvesenet framleis med å frigjere to av dyra.

Foto: Svein Morten Havaas / Lister24