Hopp til innhold

Stor skiglede i vasskanten

Om sommaren yrar det av folkeliv i vasskanten i Tveit i Kristiansand. På vinterstid tek folket turen over vegen og kan renne i eit av Noregs sørlegaste skianlegg.

Store snømengder på Sørlandet gjør skisentrene travle. På Tveit i Kristiansand har de jobbet på spreng for å få klar bakken. Publikum er storfornøyde.

– Bakken er ikkje så veldig stor, men han er veldig god. Og det er alt som skal til, det har mor sagt.

Visdomsord frå mor og andre lovord kom på rekke og rad då folket endeleg kunne spenne på seg ski og brett og renne i eit av Noreg sørlegaste skianlegg.

Ein av dei var Sindre Vingen, som utanom vise ord frå mamma også viste stor begeistring for at anlegget endeleg har opna igjen.

– Det er veldig, veldig kjekt. Det er berre ti minutt unna byen, det er heilt perfekt. Det kan ikkje bli betre!

– Tveit framfor Hovden

Parkansvarleg på Tveit skisenter, Jan Erik Jensen, synest det er ekstra herleg å sjå skigleda blant dei frammøtte etter den dårlege vinteren i fjor.

– Det er veldig gøy å vere i gang no, vi har venta lenge på dette. Fjorårets vinter var jo veldig dårleg, så det er gøy når vi endeleg opnar igjen. Vi brukar mange timar på å få det til, så det er gøy å kunne sjå at barn og vaksne har det gøy.

I takt med at snøen fell tjukt på Sørlandet, tek mange turen til Tveit Skianlegg. Søndag er det også åpen bakke på anlegget. Jensen tykkjer det er gledeleg at så mange kjem til skibakken som omtrent ligg i vasskanten på Kjevik.

– Det blir jo aldri like bra og like langt som på Hovden, men vi får til ein utruleg kul bakke sjølv om han er kort. Eg kunne gjerne tenkt meg å renne her framfor Hovden nokre gonger.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %