– Vi har ein topp i viltpåkøyrslar akkurat når fordi det er mange uerfarne ungdommar ute og går, seier viltforvaltar i Agder fylkeskommune Katrine Skaiaa Gunnarsli.
Ho fortel at kyrne som skal få nye kalvar i desse dagar støyter bort kalven frå i fjor. Desse blir derfor forvirra i forhold til kvar dei skal gå.
Tidlegare denne veka skreiv Agderposten at det berre denne siste veka har vorte skote 23 dyr etter viltpåkøyrslar eller annan skade berre i Arendal.
Flest rådyr
Tal frå Hjorteviltregisteret viser at 109 dyr har måtta bøte med livet i Arendal kommune til no i år, ifølgje avisa.
60 er påkøyrde av motorkøyretøy, seks har hatt sjukdom eller skade, éin har vorte påkøyrt av tog og 42 er skotne av andre årsaker.
Dei aller fleste av desse er rådyr.
Gunnarsli stadfestar at det har vore spesielt mange påkøyrslar av rådyr. Ho trur det kjem av at bestanden er stor.
– Vi har ikkje så gode tal på bestanden av rådyr, men både folks oppleving av kor mykje dei ser rådyr og talet på påkøyrslar tilseier at vi har ein bestandsauke, seier ho.
Viltrådgivar i Agder fylkeskommune Katrine Skaiaa Gunnarsli oppmodar bilistar til å vere forsiktige når dei er ute og køyrer.
Foto: Privat– Hald fartsgrensa
Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) auka talet på viltpåkøyrslar med nesten 10 prosent i 2022.
Sidan 2019 og fram til i dag har nesten 9000 hjortevilt vorte påkøyrde.
Gunnarsli oppmodar folk til å vere merksame når dei er ute og køyrer. Særleg på morgonen og om kvelden når dyra er mest aktive.
– Hald fartsgrensa og følg med på varselskilta der det står det kan vere fare for til dømes elg. Hugs at kjem det eit dyr så kjem det gjerne eitt dyr til. Hjortedyra opptrer gjerne i flokk, seier ho.
Ifølgje Gunnarsli er det spesielt ein auke i talet på rådyr som har vorte påkøyrt.
For elg ser dei ingen klar auke over år. Der har talet på påkøyrslar vore relativt stabilt.
Blir ikkje straffa
Gunnarsli seier det viktigaste å hugse på ved ein viltpåkøyrsel er å varsle politiet på 02800 og å sikre skadestaden.
Fallviltjeger Kjell Håvard Horverak har tidlegare uttalt til NRK at ein sjåfør aldri blir straffa for å køyre på hjortevilt eller andre dyr.
– Du gjer ikkje noko ulovleg, men det er veldig viktig at du melder frå til politiet. Det er mykje betre å seie frå enn å la vere og la dyret liggje og lide, sa han.