Hopp til innhold

Stoppar menneskesmugling på havna

Årleg stoppar tollarane på kaia i Kristiansand mellom 30 og 40 personar med ukjend eller falsk identitet.

Color Line og Fjord Line

Mellom 30 og 40 personar vert årleg smugla til Norge med danskebåten til Kristiansand.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Vi har vel dei siste åra sett at det er ganske stabile tal. Vi ligg mellom 30 og 40 i året, seier kontorsjef for tollarane i Kristiansand, Helge Breilid til NRK.

Ifølgje Kripos er den mest kjende reiseruta til Norge via Danmark og Sverige. Det finst ingen tal på kor mange som vert smugla til Norge.

Smugla 80 afghanarar

Kontorsjefen seier at menneska prøvar seg på fleire måtar for å komme til Kristiansand.

– Dei kjem med bil, vi har funne personar gøymde i bagasjerom og dei har komme gåande av ferja, seier han.

I fjor vart to kristiansandarar dømde til fengsel i Tyskland for å ha smugla nesten 80 afghanarar til Skandinavia.

Fredag starta rettssaka mot tre menn som vart stoppa etter danskebåten i august i fjor. Påtalemakta meiner at ein av dei hadde falsk identitet.

Frå krigsherja land

Breilid fortel at det er folk frå krigsherja område som prøver å komme seg inn til Norge.

– Dei fleste er afrikanarar, afghanarar, iranarar eller personar frå Irak. Det er nok desse som går att, seier han.

– Kva gjer at de fattar mistanke og stoppar dei?

– Det er gjerne dårlege forklaringar, kanskje legitimasjonspapir som stemmer dårleg overeins med personen vi har føre oss. Eller så er det at dei ikkje har papir i det heile. Dei kan ikkje gjere greie for identiteten sin, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %