Hopp til innhold

Stoppa milliardprosjekt – vil sjå på andre mogelegheiter

Trass tilsegn om støtte på til saman 1,3 milliardar kroner frå ulike aktørar, er Biozin-prosjektet i Åmli stansa. Aktørane har likevel trua på andre alternativ.

Biozin Åmli

Den planlagde Biozin-fabrikken i Åmli skulle produsere biodrivstoff av tømmer og sagflis frå skog i landsdelen.

Foto: Espen Bierud / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Nå har det første sjokket lagt seg, så vi må berre brette opp erma igjen og gå vidare, seier Tellef Olstad (Sp).

Han er medlem i formannskapet i Åmli, kor stansen av arbeidet med Biozin-prosjektet var tema måndag.

Fabrikken skulle produsere biodrivstoff til fly, trailere og skip av tømmer og sagflis frå skog i landsdelen.

Fredag vart det klart at prosjektet stansast.

Årsaka er at Shell, som står for teknologien, reknar den økonomiske risikoen i prosjektet som for stor.

– Det er framleis knytt stor usikkerheit rundt denne nye teknologien, som ikkje er prøvd i fullskala nokon stad. Den risikoen som ligg ved prosjektet blir da for stor til at ein går vidare nå, seier CEO i Biozin Holding, Thomas Skadal.

Trass tilsegn om støtte på til saman 1,3 milliardar kroner frå Enova, EU sitt innovasjonsfond og Innovasjon Norge, vurderer Shell at økonomien i prosjektet er for usikker.

Les også Skal lage drivstoff av avfall - får en halv milliard i støtte

Biozin Åmli

Skal ferdigstille tomta

– Industritomta blir klar som opphavleg planlagd. Shell er inne og finansierer ein stor del av den jobben, så den tomta blir ferdig, seier Skadal.

Framover vil dei identifisere og evaluere alternativ til det som har vore planen til no, fortel Skadal.

– Det ligg veldig godt til rette i Åmli. Sidestraumen frå sagbruken er framleis der og det er også god tilgang på råvare, seier han.

Biozin-tomt

Tomta skal framleis ferdigstillast seier CEO i Biozin Hilding, Thomas Skadal.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Må tenkje nytt

– Det er ikkje noko her i Åmli som sviktar. Det grøne skiftet stoppar ikkje opp sjølv om teknologien ikkje innfridde, seier Hans Fredrik Tangen (Ap).

No meiner politikarane ein må tenkje nytt.

Eg har ikkje noko mindre tru på Åmli og at vi skal få til noko her, seier Viggo Hansen (KrF).

Den planlagde Biozin-fabrikken kunne fått stor betydning for lokalmiljøet, og det var forventa at den ville skape rundt 100 nye arbeidsplassar.

Kva som vil skje vidare er framleis usikkert.

– Det blir berre spekulasjonar, men eg ser iallfall for meg at det blir noko som skal utnytte restprodukt frå sagbruk for eksempel, seier ordførar Bjørn Gunnar Baas (Sp).

Bjørn Gunnar Baas

Ordførar i Åmli Bjørn Gunnar Baas (Sp).

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Fokus på dei tilsette

– Dette er forferdeleg triste nyheiter for oss. Dette er ikkje det vi har jobba mot, seier CEO i Biozin Holding, Thomas Skadal.

Biodrivstoff-selskapet melder at rundt halvparten av selskapets ni tilsette mistar jobben.

– Nå er fokuset på dei tilsette og dei som ikkje skal vere med vidare, seier Skadal.

Han fortel at det har vore stor tro på prosjektet og at dei har tilsett fleire dei siste månadene.

– Vi har fått veldig flinke folk hit. For nokre av dei blir jo det veldig kortvarig. Det er veldig krevjande, seier Skadal.

Les også Våknet av at bilen kjørte av seg selv – igjen

Bil kjørte av seg selv for andre gang.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %