Hopp til innhold

Stolte av Agder Teater i Grimstad

Nyheita om at Arendal vil selje seg ut av Agder Teater får Grimstad-ordførar Hans Antonsen til å reagere.

Hans Antonsen

Grimstad-ordførar Hans Antonsen.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Dette er gjensyn med Arendals-politikken på det mest smålige, seier Antonsen til Agderposten.

– Stolte av Agder Teater

Fleirtalspolitikarane i Arendal vil selje seg ut av Agder Teater , og heller satse på sitt eige kulturhus.

– I Grimstad er vi stolte av Agder Teater, og eg meiner det må vere viktig at vi ser lengre enn til vårt eige kulturhus. Vi treng eit profesjonelt teatermiljø i landsdelen, seier han.

Antonsen meiner det er viktig for heile Sørlandet å vere ein del av Agder Teater, når det nye kultur- og konserthuset Kilden står ferdig i Kristiansand.

Reagerer på forslaget

– Kilden blir eit kraftsenter, og det minst kloke ein kan gjere er å seie at dette vil ein ikkje vere med på meir. Eg trur ikkje det er særleg lurt å melde seg ut og berre halde på med sine småting, seier ordføraren.

Oddvar Skaiaa

Fylkesvaraordførar Oddvar Skaiaa.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Også fylkesvaraordførar Oddvar Skaiaa reagerer på forslaget til Arendals-politikarane.

– Arendal har nokre merkelege innspel av og til. Fylkeskommunen og Grimstad har vore med i Agder Teater frå byrjinga. I mange år jobba vi for å få Arendal med. Dersom dei no melder seg ut igjen med ein gang dei får økonomiske problem, tykkjer eg det er ei særs defensiv haldning, seier Skaiaa.

– Får meine kva dei vil

Einar Halvorsen frå Høgre i Arendal meiner fylkeskommunen bør følgje Arendal sitt døme, å selje aksjane sine i teateret. Det får Skaiaa til å reagere.

– I Arendal får dei meine kva dei vil, berre dei ikkje meiner noko om kva vi i fylkeskommunen skal gjere. Det har aldri vore snakk om at vi skal melde oss ut, seier Skaiaa.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %