Hopp til innhold

Stokkelien: – Det var eit mareritt

Trass i at Start tapte 0–3 på heimebane mot Molde var det elleville jubelscener på Sør Arena. Mjøndalen tapte og rykker direkte ned til 1. divisjon.

Moldes Ruben Gabrielsen
Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det var eit mareritt av ein kamp. Det var så mykje som skjedde. Vi høyrde jubel frå tribunane og så vart det plutseleg heilt stille. Det var ille, seier Stokkelien til TV2 etter kampen.

Start sikra kvalifiseringsplassen i eliteserien etter ei dramatisk avslutning på sesongen.

Det vart musestille på Sør Arena då speaker orienterte om at Mjøndalen hadde teke leiinga på Viking stadion tidleg i første omgang.

Låg på nedrykk ved pause

Rett etterpå gjekk Molde opp i leiinga i Kristiansand og alt såg bekmørkt ut. Start låg på kvalifiseringsplass, og skapte ingen verdas ting sjølv mot Molde.

Og verre skulle det bli. Molde dobla leiinga rett før pause. Dermed gjekk Start til pause som eit 1. divisjonslag.

Så kom meldinga frå Stavanger om at Viking hadde utlikna. Start-supporterane jubla. Scoringa sende nemleg Mjøndalen ned på direkte nedrykksplass.

Men himmel vart raskt til helvete igjen. For berre få minutt seinare la Per Egil Flo på til 3–0 for Molde i Kristiansand. Denne scoringa sende Start ned igjen på direkte nedrykk og Mjøndalen på kvalifiseringsplass. Laga hadde lik målskilnad, men Mjøndalen hadde scora fleire mål.

Start-supportere

Start-supporterane jubla etter å ha sikra kvalifiseringsplass.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Vil ikkje møte Jerv

Fem minutt før slutt kom scoringa heile Sørlandet hadde håpa på. Viking gjekk opp til 2–1. På overtid kom 3-1-scoringa og Start skal dermed ut i kvalifisering der dei anten møter Jerv frå nabobyen Grimstad eller Kristiansund.

– Vi må vere utruleg glade og takknemlege for at vi får ein sjanse til. Det er heilt utruleg at vi framleis har moglegheit til å spele i eliteserien, seier Stokkelien.

Stokkelien vil helst unngå naboen frå Grimstad.

– Skal eg vere ærleg, så blir det eit helvete, seier han til TV2.

Mjøndalen må ned i 1. divisjon etter ein sesong i landets øvste divisjon.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %