Stokkelien med assist i Cosmos-siger

Mads Stokkelien frå Kristiansand hadde målgjevande pasning då New York Cosmos slo Ottawa Fury 1–0 på heimebane.

Mads Stokkelien scoret for New York Cosmos tre

Mads Stokkelien markerte seg med assist i heimekampen mot Ottawa Fury.

Foto: New York Cosmos

Stokkelien slo ei nydeleg pasning mellom midtstopparane til Ottawa Fury. Ballen hamna i beina på Alessandro Noselli, som enkelt kunne setje ballen i mål berre seks minutt ut i oppgjeret.

1–0 vart også sluttresultatet. Etter kampen fekk Stokkelien skryt frå målscoraren.

– Perfekt ball, nydeleg, nydeleg pasning, sa Noselli til klubben sine nettsider om pasninga frå sørlendingen.

New York Cosmos har no spelt fem kampar på rad utan tap.

Dette var den siste kampen i vårsesongen. New York Cosmos enda på 2. plass, eitt poeng bak Minnesota United FC.

Cosmos spelar på nivå to i USA.

Også tidlegare Start-spelar Hunter Freeman spelte 90 minutt for New York Cosmos.

Sjå målet til Stokkelien her