NRK Meny
Normal

Stokkelien kalla inn på landslaget

Start-spissen var først vraka, men no skal han likevel spele landskamp mot Hellas 17. november.

Mads Stokkelien

PÅ LANDSLAGET: Mads Stokkelien er utteken på det norske U21-landslaget.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

U21-landslagstrenar Tor Ole Skullerud har fått forfall Joshua King (Presten) og Marcus Pedersen (Vitesse) til landskampen mot Hellas.

Omar Elabdellaoui (Manchester City) og Mads Stokkelien (Start) er nye i troppen. Kampen vert spelt i Loutraki.

Tidlegare Mandalskameratene-spelar Stefan Strandberg (Vålerenga) er også i U21-troppen.