Hopp til innhold

Stengte Facebook for elevane

Elevane ved Kristiansand Katedralskole Gimle får ikkje bruke Facebook i skuletida.

Facebook
Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Hovudpoenget med IT er at det skal vere eit hjelpemiddel og reiskap til elevane si læring på skulen. Dersom Facebook verkar avsporande, er det viktig at læringsarbeidet ikkje blir forstyrra av det, seier rektor ved skulen, Eva bergh til fvn.no.

Læring i fokus

I år har skulen hatt eit prøveprosjekt der dei har hatt ei sperre på skulen sitt internett-nettverk. Dei som har logga på - både elevar og lærarar - kjem ikkje inn på Facebook.

– Elevane skal vere på skulen i seks-sju timar om dagen, og då bær læring stå i fokus, seier ho.

Rektoren seier også at det er kun Facebook som er stengt. Etter dette skuleåret skal ordninga evaluerast.

– Vi har ikkje drøfta dette. Vi må ta ei oppsummering med lærarar og elevar, seier Bergh.

– Stolar ikkje på oss

Leiar i elevorganisasjonen i Vest-Agder, Margot Ødegård, er ikkje positiv til skulen si ordning med å stengje nettsida.

– Eg tykkjer generelt det ikkje er positivt at dei stengjer nettsider, fordi det viser at dei ikkje stolar på oss. Elevane har jo ansvar for eiga læring, seier ho til avisa.

– Dersom dei tykkjer det er dumt at folk brukar Facebook, er det undervisninga det er noko feil med. Dersom dei hadde brukt meir IKT i undervisninga, hadde det kanskje ikkje vore så freistande å gjere noko anna, seier Ødegård.

PC i undervisninga

Ho meiner lærarane bør bli flinkare til å bruke PC i undervisninga.

- Når vi først har teke i bruk PC, er det viktig at lærarane tek det i bruk i undervisniga, så det ikkje berre blir til at folk skriv ned det som står på tavla på pcen, seier ho.

Elevrådsleiar Trine Mjåland støttar skulen sine restriksjonar.

- Eg er eigentleg veldig nøgd med det. Eg ser ikkje nokon grunn til at folk skal gjere det på skulen. Det er heilt unødvendig, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %