Stengjer barneavdeling i sommar

Barneavdelinga ved Sørlandet Sykehus i Arendal skal stengjast i fire veker i sommar. Det vekkjer reaksjonar.

Video Stenger barnepost

– Vi prøvar å sikre tilbodet for dei kronisk sjuke barna. Men vert dei innlagde, må dei til Kristiansand, seier avdelingsleiar for barnesenteret ved Sørlandet sykehus, Kåre Danielsen til Agderposten.

Bakgrunnen for stengjinga er ferieavvikling ved sjukehuset.

– Steng i Kristiansand!

– Det er ein grei måte å avvikle ferien på, og på lik linje med det vi har gjort før, seier han.

Men sommarstengjinga vert kraftig kritisert av barneavdelinga sin store forkjempar, Tove Skyttemyr.

– Eg kan ikkje fatte at dei torer. Vi vil ha ei heildøgns- og heilårsopen barneavdeling i Arendal. Kvifor kan dei ikkje stengje i Kristiansand, spør ho.

Lengre reiseveg

– Vi treng tilbodet om øyeblikkeleg hjelp i juli også, legg ho til.

Men ifølgje Danielsen vil det vere lege tilstades på sjukehuset heile døgnet, som vil hjelpe barn som treng rask hjelp.

– Ulempa er at nokon får lengre reiseveg ved innleggjing, men det medisinske tilbodet vert det same, seier avdelingsleiaren.