Hopp til innhold

P-plass for busspassasjerar må stenge

Om kort tid stenger Kristiansand kommune ein viktig innfartsparkering aust for byen. Anlegget skal få fleire til å ta bussen, men parkeringsplassen stenger omtrent samstundes som rushtidsavgift vert innført. Brukarar varslar at dei no vil bruke bilen til byen.

Park and ride-anlegg på Rona

Innfartsparkering på Rona stenger 1. oktober.

Foto: Kjell Pedersen/NRK

– Vi tek sjølvkritikk på dette. Vi burde ha byrja på dette tidlegare, seier rådgjevar Bjørne Jortveit i ATP-samarbeidet i Kristiansand til NRK.

Innfartsparkering betyr at du parkerer bilen ved busslinja - og tar buss til byen.

Det er parkeringsplassen i Rona, aust for Kristiansand, som stengjer 1. oktober. Dette anlegget er knutepunktet for folk i Randesund-området, anten ein skal hoppe på bussmetroen i byen, eller om ein skal reise med buss austover.

Skal byggje bensinstasjon

Bakgrunnen for at stenginga er at det skal byggjast eit senter i Rona med tilhøyrande bensinstasjon.

– Anlegget kjem innanfor riggområdet og det skal byggjast ein bensinstasjon her, forklarar Jortveit.

– Vi jobbar knallhardt med å få etablert ein mellombels innfartsparkering no i haust, seier han.

Fleire brukarar NRK snakka med ristar på hovudet når dei får vite at park and ride-anlegget skal stengjast.

– For meg verkar det mot si hensikt, dersom meininga med dette anlegget er at folk skal ta bussen, seier ein av dei.

Forhandlar med grunneigarar

Bjørn Jortveit i kommunen seier at dei no er i forhandlingar med grunneigarar i same område for å få til eit nytt, mellombels anlegg.

– Vi har ikkje noko i boks endå. Eg kan ikkje love noko før vi har kontrakt med grunneigarar, seier han.

Ein av dei som brukar parkeringsplassen, for så å hoppe på bussen, fortel at han no kjem til å bruke bilen.

– Det er hol i hovudet. Dette verkar mot si hensikt. I det siste har eg brukt den mykje, men no vert det bil i staden, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %