Hopp til innhold

Stenger E39 i inntil ei veke

E39 ved Klepland i Søgne vert stengt i inntil ei veke på grunn av rasfare.

Sprenging Søgne

E39 mellom Rosseland og Tangvall i Søgne kan bli stengt i inntil ei veke på grunn av rasfare.

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

Vegen vart stengd fredag kveld klokka 19 på grunn av sprengingsarbeid i samband med rasfaren.

Planen var at den skule opne att måndag morgon, men no viser det seg at arbeidet som vart gjort i helga ikkje er tilstrekkeleg.

Ustabile steinmassar

– Vi har vurdert fjellet over E39 etter helgas sprengingsarbeid, og funne at sikkerheita ikkje er god nok til at vi kan opne vegen, seier prosjektleiar i Statens vegvesen Kjell Soltvedt i ei pressemelding.

Ifølgje prosjektleiaren har massane som utgjer rasfaren blitt meir ustabile etter sprenging i helga.

Omkøyring skjer på fylkesveg 459, fylkesveg 455 og fylkesveg 461 via Laudal.

– Vi beklagar problema dette medfører for trafikantane på strekninga, seier Soltvedt.

Redde bilistar

NRK har tidlegare fortalt om bilistar som har vore redde for å køyre på strekninga på grunn av steinmassane som ligg i vegkanten.

– Det var mange store steinar som låg tett inntil vegen. Eg følte at fleire av steinane hang over fendarane som var sett opp, sa Kristin Lønn til NRK tidlegare denne måndagen.

Bakgrunnen for dei utrygge steinmassane er sprengingsarbeid i samband med utviding til fire køyrefelt på E39 i Søgne.

Bilister på E39 i Søgne har følt seg utrygge på grunn av sprengningsarbeid og rasfare langs veien. Nå blir veien stengt hele helga for å få fjernet store fjellmasser.

VIDEO: Sjå TV-reportasje frå området der det er fare for ras.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %