NRK Meny
Normal

Stein deisa ned på E39

Ein stein har falle ned i vegbana på E39 ved Flikka i Flekkefjord.

Steinras på E39

Ein stor stein ramla ned i vegbana i Flekkefjord.

Foto: Svein Løvland/Avisen Agder

Vegtrafikksentralen har hatt folk på staden for å skaffe oversikt og vurdere faren for nye ras. Vegen var stengd i nokre få minutt i samband med dette.

Steinen vert fjerna i løpet av føremiddagen.

Politiet vart varsla om raset like over klokka ni søndag.

Ingen bilar vart treft av steinen.

Raset har gått i ein fjellskråning i ein sving mellom Birkenesodden og Flikka, skriv avisa Agder.

Det er berre få veker sidan det gjekk eit liknande ras på E39. Dette raset gjekk like vest for Flikka.

Laster kart, vennligst vent...