Hopp til innhold

Steinblokker rasa ut på E39

To steinblokker på til saman kring ein kubikkmeter rasa ut i vegen på E39 ved Osestad i Lyngdal. Ingen bilar vart tekne av steinblokka.

Steinblokk i vegen
Foto: Jan Ivar Rafoss

– Eg var tilfeldigvis blant dei første som kom til staden og fekk dirigert trafikken til politiet kom til staden, seier seksjonssjef for drift- og vedlikehald i Statens vegvesen Tor Alf Høye til NRK.

Politiet vart varsla om hendinga like før klokka 16 fredag ettermiddag. Steinen låg så vidt innanfor kvitestripa.

– Steinen låg i ei skråning og har nærast sige ut i vegen. Den har ikkje sete så høgt, så den har ikkje hatt stor fart når den fall ned, seier han.

Seksjonssjefen seier at vegvesenet stadig følgjer med på lausmassar langs vegane.

– Der vi ser at det er laust går vi over med det same. Som regel er det småstein som hamnar i grøfta. Det er sjeldan steinane er så store som denne gangen, seier Høye.

Steinblokk i vegen

Steinblokkene vart rydda av vegen etter kort tid.

Foto: Jan Ivar Rafoss
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %