Hopp til innhold

Staten sa nei til høgre vindmøller: – Vi torer nesten ikkje å tru at det er sant

Vindkraftmotstandarane i Flekkefjord jublar etter at staten ikkje vil gå inn og overstyre kommunen.

Jostein Emil Urstad

Jostein Emil Urstad i aksjonsgruppa «Nei til vindmøller i Flekkefjord» er strålande nøgd med at staten ikkje vil overstyre kommunen i den betente striden kring vindmøller på Skorveheia.

Foto: Odd Rømteland / NRK

– Det var surrealistisk. Vi har kjempa mot straumen heile vegen. Vi visste at departementet kanskje kunne gjere noko, men vi torde ikkje håpe på det, seier Jostein Emil Urstad i aksjonsgruppa «Nei til vindmøller i Flekkefjord».

– Det er ei merkeleg oppleving. Vi torer nesten ikkje å tru at det er sant, seier han.

Ville byggje høgre vindturbinar

Norsk Vind har søkt om å setje opp åtte 200 meter høge vindturbinar på Skorveheia. Det har vore sterk motstand både frå privatpersonar, næringsliv og politikarar mot dette.

Norsk Vind bad Olje- og energidepartementet om å overprøve lokalpolitikarane, som sa nei til høgre vindmøller, men har no altså fått nei.

Det var planlagt å bygge 12 vindturbinar med ei høgde på 135 meter. Seinare vart det søkt om å heller bygge åtte turbinar med ei høgde på 200 meter.

– Min umiddelbare reaksjon er at eg er glad. Eg meiner departementet har gjort ei riktig avgjerd. No kan vi ha lokal forankring og lokal vilje. I mitt hovud er det det som er det einaste demokratisk riktige, seier Flekkefjord-ordførar Torbjørn Klungland.

Det var Fædrelandsvennen som omtalte saka først.

Skorveheia i Flekkefjord

Det er i dette området dei planlagde vindmøllene skal byggjast.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK Luftfoto

Usikker framtid

Ordføraren er usikker på kva som vil skje vidare i denne saka no, og om prosjektet i det heile vert realisert.

– Administrasjonen og politikarane må setje seg ned og sjå kva som blir vegen vidare. Så må vi ha dialog med Norsk Vind for å sjå kva som blir vegen vidare. Men at den lokale sjølvråderetten blir lytta til er gode nyheiter, seier han.

Aksjonsgruppa «Nei til vindmøller i Flekkefjord» håpar heile prosjektet no vert skrota.

– Vi ser føre oss at Norsk Vind snart kastar inn handkleet, seier Urstad.

– Konfliktnivået her er stort. Planane er endra mykje. Såpass høge vindturbinar var noko heilt anna enn politikarane såg føre seg dei i første omgang var positive i 2008. Det er snakk om ein heilt anna vindpark enn det som var tenkt då, seier ordførar Klungland.

Torbjørn Klungland

Flekkefjord-ordførar Torbjørn Klungland vil no ha dialog med Norsk Vind.

Foto: Odd Rømteland / NRK

– Saka er ikkje tapt

Norsk Vind sit onsdag i møter og drøftar kva dei skal gjere vidare med vindpark-prosjektet i Flekkefjord, seier dagleg leder Per Ove Skorpen til NRK.

Ifølge prosjektleiar John Amund Lund er ikkje prosjektet lagt på is, men det er behov for ei rask avklaring. Lund håper flekkefjæringer også kan sjå fordelane ved å bygge vindmølleparken.

– Vindmøller i Flekkefjord er ikkje ei tapt sak. Norsk Vind er positive til å komme i dialog med Flekkefjord kommune, og vi opplever framleis at mange er positive til vindmøller på Skorveheia, seier Lund.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %