NRK Meny
Normal

Startar masseavliving av kattar

Villkattar er blitt eit så stort problem i Arendal at dei må ta livet av mange av dei. No vil kommunen i tillegg setje ei begrensing på kor mange kattar ein får lov til å ha.

Villkatt i fella

Ein katt gjekk i fella kort tid etter at den vart plassert ut. No går den ei uviss skjebne i møte.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK

– No gjer eg klar fella. Når plata dett ned vert katten sperra inne, seier veterinær Kristen Bjormyr til NRK.

Bjormyr er hyra inn av kommunen for å ta livet av rundt 50 kattar, som blir mata i eit område i Arendal. Han har vore her også tidlegare, men no har villkattstammen blussa opp igjen.

Tamme kattar torer ikkje gå ut

Kristen Bjormyr

Veterinær Kristen Bjormyr skal stå for avliving av kattane.

Foto: Benedicte Goa Ludvgisen/NRK

– Så raskt dei får energi til å produsere så gjer dei det, og då vert det berre fleire av dei, seier han.

Dei mange villkattane gjer at også naboane til menneska som fõrar dei må tole skit og skrik frå kattane. I tillegg vert dei tamme kattane skremde.

– Eg har opplevd at kattane ikkje tore å gå ut. Rett og slett fordi det er for tøft der ute i nabolaget, seier veterinæren.

Det kan vere vanskeleg å plassere ansvar i slike saker. Ofte er det heller ikkje noko regelverk å forholde seg til. Enkelte kommunar har sagt at det berre er lov til å ha eit visst talet på kattar.

No vil truleg kommunelege Harald Reiso føreslå å innføre ei slik begrensing også i Arendal.

Startar katteavliving i Arendal

GJEKK I FELLA: Denne katten gjekk i fella måndag ettermiddag. No vert den truleg avliva.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK

– Avliving einaste utveg

– Eg tykkjer det kan vere ein god idé å lage ei kommunal forskrift som regulerer dette. Som regel kan dette løysast på ein annan måte, men av og til er det naudsynt å gripe inn. Då er det ein lang veg å gå for å få det juridiske på plass, seier han.

Harald Reiso

Harald Reiso i Arendal kommune vil innføre ei begrensing på kor mange kattar kvar enkelt kan ha.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK

Fram til det kjem reglar om kattehald i Arendal, er avliving einaste utveg.

Kristen Bjormyr er i gang med å gjere klar fellene, som skal fange eit titals villkattar i dagane framover.

– Når det går kattar i fella, sjekkar eg at dei ikkje er tamme, mellom anna gjennom merking, seier han.

– Dersom det er ville kattar vert dei dessverre avliva. Det er den einaste moglegheita vi har for å ta så mange kattar. Det er urealistisk å omplassere slike kattar. Dei har ingen historikk for å vere heime hos nokon og kunne oppføre seg i eit vanleg bumiljø, seier veterinæren.

Stein Are Andersen bur i det aktuelle området i Arendal og stadfestar at katteproblemet er stort.

– Det har pågått i veldig mange år. Det å måtte ut å måke katteavføring kvar morgon før barna skal ut å leike er ikkje spesielt hyggjeleg. Eg håpar at kommunen kan få bukt med. Mellom 20 og 50 kattar rundt huset er ikkje berre kjekt, seier han.

– Kan ikkje sitje på verandaen

Sonen Eirik (8) fortel at dei stadig må rydde opp etter kattane.

Stein Are Andersen

Stein Are Andersen har teke opp katteproblemet med kommunen fleire gonger. No håpar han at ein kan få bukt med katteproblemet.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK

– Det er ikkje særleg greitt. Spesielt om sommaren, då må vi tørke vekk alt. Så luktar ikkje det noko godt heller. Og det vert veldig mykje fluger av det, seier han.

Eirik har også fleire gonger sykla over kattebæsj.

– Då må eg spyle av alt. Det er ikkje noko greitt, seier han.

– På sommaren er det lukt og fluger. Til tider har det vore problematisk å sitje på verandaen på grunn av lukta. Det er himla dumt når ein i utgangspunktet har ein fin uteplass, seier pappa Stein Are.

I løpet av vinteren har han også funne daude kattar som har frøse i hel.

– Då er ikkje kattane friske i utgangspunktet. Det er ubehageleg, særleg når barna kjem opp i dette, seier han.

Andersen har tidlegare teke opp problemet med kommunelegen. Første gang for fire år sidan.

– Kommunen har eit ansvar her og eg håpar at dei tek tak og blir kvitt problemet ein gang for alle. Det er ikkje hyggjeleg for oss naboane rundt her, som må ta tak i dette kvar dag, seier han.

Eirik og Anders Andersen

Eirik Andersen (8) fortel av kattane legg att mykje bæsj utanfor huset deira. Til høgre ser du broren Anders.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK

Vil ha kastrering

Men avlivingsplanane vekkjer reaksjonar. Marion Ramstad i organisasjonen Dyrenes Beskytter i Aust-Agder er kritisk til avliving.

– Eg kan forstå problemet, men masseslakting av kattar er ein utdatert metode, seier ho.

– Det har vist seg i fleire tilfelle at det ikkje hjelper på problemet. Du utset berre problemet og du vil alltid få ein ny kattebestand i området i løpet av nokre år, seier Ramstad.

Ho meiner at ein heller bør fange kattane, kastrere dei og setje dei ut igjen.

– Stavanger kommune gjorde dette og lukkast. Det skjer under kontrollerte former slik at du ikkje får ut igjen sjuke og svekka kattar, seier ho.

– Vil ikkje dette vere for ressurskrevjande?

– Med tanke på alt det kommunane elles brukar pengar på burde det ikkje vere det. Det blir i det heile ikkje brukt nok pengar på dyrevelferd i Norge. Det blir nesten ikkje sett på som eit problem, seier ho.

– Katten min ville ha blitt rabiat

Ramstad er også redd for at det vil bli vanskeleg å kontrollere at det er villkattar som går i fella.

– Eg eig sjølv ein katt som hadde blitt fullstendig rabiat dersom den hadde blitt fanga i ei felle. Den ville kanskje ha blitt sett på som ein av dei verste villkattane, seier ho.

– Dersom dei ikkje gjer grundig nok opplysingsarbeid på førehand, risikerer dei å ta livet av ein eigd katt, legg ho til.