Startar evakuering på E18

Mange har stått timesvis i kø på E18 i Tvedestrand. No set politiet i gang evakuering. Sivilforsvaret sender mellom 15 og 20 personar som skal bistå i arbeidet. -Vi har innkalla mykje ressursar for å løyse den utfordrande situasjonen i austre delar av Agder. Derfor har vi òg sett stab. Situasjonen må løysast saman med Statens vegvesen. I tillegg blir det etablerte eit samarbeid med Sivilforsvaret, frivillige organisasjonar, Tvedestrand kommune og Statsforvalter med fleire, seier politimeister i Agder, Kjerstin Askholt i ei pressemelding.