NRK Meny
Normal

Starta kronerulling for Jerv-fansen

Ein Jerv-supporter har sett i gong kronerulling for at flest mogleg Jerv-supporterar kan reise til Ullsteinvik og klubben sin kvalifiseringskamp til eliteserien mot Hødd.

Svaberget (FK Jerv)

Jerv-supporterar på kamp tidlegare denne sesongen.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Supporteren skriv på supporterklubben Svaberget si Facebook-side at han ikkje kan reise til Ullsteinvik sjølv.

I staden vil han starte kronerulling for å dekke reiseutgiftene til 1. divisjonsklubben sine trufaste supporterar.

Glenn Andersen

Jerv-kaptein Glenn Andersen har gitt pengar til Jerv-supporterane.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Både privatpersonar, Jerv-spelarar og andre sentrale personar i Jerv er utfordra til å gje pengar.

Kapteinen bidrog

– Sjølvsagt. Støttar med 500 kroner, skriv Jerv-kaptein Glenn Andersen.

Også marknadssjef Trond Christoffersen og styreleiar Per Gunnar Topland skriv at dei vil støtte initiativet.

Det har allereie komme inn fleire tusen kroner som går rett inn i reisekassa til Jerv-supporterane.

– Det er kjempegøy at folk bryr seg om at vi lagar liv på kamp. Det er gøy at både spelarar og andre tilskodarar set pris på innsatsen vi også legg ned, seier leiar av supporterklubben Svaberget, Reidar Berg Vaule til NRK.

Blir i mindretal på Høddvoll

Søndag sikra 1. divisjonsklubben kvalifiseringsplass til eliteserien etter 2–2 på heimebane mot Follo. Den avgjerande utlikninga til Glenn Andersen kom seks minutt på overtid.

Søndag møter klubben Hødd på Høddvoll i det som er den første kvalifiseringsrunden til eliteserien.

Berg Vaule er ikkje sikker på kor mange Jerv-supporterar som set seg i bilen og køyrer til Vestlandet i helga.

– Det er vanskeleg å seie. Vi lagar liv uansett kor mange vi er, seier han.

Supporterne jubler for Jerv som sikret kvalikplass

Sjå video med Jerv-fansen etter at klubben sikra kvalifiseringsplass.