NRK Meny
Normal

Start-trio på landslaget

Christer Kleiven, Espen Børufsen og Mads Stokkelien er tekne på U21-landslaget.

Christer Kleiven, Espen Børufsen og Mads Stokkelien

PÅ LANDSLAGET: Christer Kleiven, Espen Børufsen og Mads Stokkelien er tekne ut til EM-kvalifisering for U21-landslaget i fotball.

Foto: Scanpix

Landslagssjef Tor Ole Skullerud har teke dei tre ut til U21-troppen som skal ut i EM-kvalifiseringskampane mot Kypros i Ålesund 3. september og mot Slovakia 7. september.

I tillegg er den tidlegare Mandalskameratene-spelaren, Stefan Strandberg teken. Han spelar no i Vålerenga.

Følgjande spelarar er uttekne

Espen Børufsen, Start
Fredrik Carlsen, Aalesund
Tarik Elyounoussi, SC Herenveen
Mohammed Fellah, Vålerenga
Vegar Eggen Hedenstad, Stabæk
Even Hovland, Sogndal
Abdissalam Ibrahim, Manchester City
Mohammed Keita, Strømsgodset
Christer Kleiven, Start
Magnus Lekven, Odd Grenland
Håvard Nordtveit, Arsenal
Jonathan Parr, Ålesund
Thomas Rogne, Celtic
Harmeet Singh, Vålerenga
Mads Stokkelien, Start
Stefan Strandberg, Vålerenga
Lars Stubhaug, Strømsgodset
Arild Østbø, Viking