Hopp til innhold

Start-trenaren: – Nei, men for fanden

Start-trenar Bård Borgersen var særs kritisk til grasmatta på Levermyr stadion etter den første kvalifiseringskampen mot Jerv.

Start-trener Bård Borgersen

Sjå intervju med Start-trenar Bård Borgersen etter uavgjortkampen mot Jerv.

Etter at han tok over som Start-trenar har han gjentekne gonger snakka om «utvikling».

På spørsmål om Jerv-kampen var eit skritt fram eller tilbake for hans eige lag, svara Borgersen slik:

– Nei, men for fanden. Sjå på matta her. Det er jo ei håplaus bane å spele på. Skal du sjå framgang her må du leite med lupe. Her gjeld resultatet. Kun det. Dette er ein parodi av ein fotballkamp, seier han til NRK.

Levermyr stadion

Det var særs krevjande baneforhold på Levermyr stadion. Dei hardaste områda var dekka med sagflis.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Helsefarleg

Det enda 1–1 på Levermyr stadion etter ei sein Jerv-utlikning. Grimstad-klubben var det klart beste laget på ei frykteleg dårleg bane.

Rolf Daniel Vikstøl

Start-spelar Rolf Daniel Vikstøl halta ut av Levermyr stadion og går truleg glipp av returkampen på Sør Arena onsdag.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Bana var knallhard og enkelte stader var det is. Dei hardaste områda var dekka med sagflis.

– I fotballsamanheng er det helsefarleg. Bana er årsaka til at vi får ein skade, seier trenaren.

Midtvegs i første omgang hinka Start-kaptein Rolf Daniel Vikstøl av bana med ein skade. Forsvarsspelaren trur ikkje han er klar til returkampen på Sør Arena onsdag.

– Det kjennest ikkje bra ut. Eg trakka over og har kanskje røke eitt eller anna i ankelen. Det skal eit lite under til for å rekke kampen onsdag, seier han.

Glatt bane

Også Jerv-kaptein Glenn Andersen var kritisk til baneforholda etter kampen.

– Eg hadde venta ei mjuk bane som i går. Men i dag var den botnfrosen. Vi var ikkje i nærleiken av å komme nedi med knottar eller noko som helst. Det var litt glatt utpå der, seier han.

– Burde kampen ha blitt utsett?

– Nei, det tykkjer eg ikkje. Det gjekk fint å spele utpå her, men forholda var ikkje best, seier Andersen.

Glenn Andersen

Sjå intervju med Jerv-kaptein Glenn Andersen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %