Start-trenar: – Vi må tore å angripe

Start-trenar Bård Borgersen seier at Start må ta minst mogleg omsyn til Vålerenga i fredagens eliteserieoppgjer på Ullevaal stadion.

Starts trener Bård Borgersen

Start-trenar Bård Borgersen trur på poeng mot Vålerenga fredag.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix
Laster innhold, vennligst vent..

– Vi må tore å angripe og tore å spele vårt spel, seier Borgersen til NRK.

Start kjempar ein desperat kamp for å overleve i eliteserien.

I førre serierunde braut dei ei tapsrekkje på åtte kampar då dei klarte uavgjort mot Lillestrøm på heimebane.

– Vi har endra kurs

– Det var veldig ok å halde nullen og få eit poeng, seier trenaren.

Klubben har altså berre teke eitt fattig poeng på dei ni siste kampane.

– Men det viktigaste er det vi gjer på trening kvar dag. Vi har snudd eit skip, endra kurs og klart å komme oss inn i ein positiv spiral, seier han.

Borgersen meiner at laget har hatt ei god treningsveke før møtet med Vålerenga på Ullevaal fredag kveld.

– Vi har hatt veldig god framgang og spelarane merkar det. Vi må sørge for at vi held fram i den retninga, seier han.

Start, Mjøndalen og Tromsø kjempar om å unngå nedrykk og kvalifiseringsplass.

Bård Borgersen og Espen Børufsen

Bård Borgersen i samtale med Espen Børufsen i kampen mot Lillestrøm.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Trenaren vil ikkje spå

Med seks kampar igjen ligg Start på sikker plass med 20 poeng. Det er like mange poeng som Mjøndalen som held kvalifiseringsplassen.

Borgersen vil ikkje tenke på kor mange poeng klubben må ha for å sikre ein ny sesong i toppdivisjonen.

– Det er mange som brukar energi på det. Eg er oppteken av dei stega vi tek her og no. Blir vi gode på dei tinga vi jobbar med vil poenga komme, seier han.

– Tankar om kor mange poeng vi vil trenge kan forstyrre det som gjer at vi blir gode nok til å ta poeng, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..