Tabellnaboane Sandnes Ulf og Ranheim ser begge ut til å tape sine kampar.
Sandnes Ulf tapte borte mot Jerv, medan Ranheim ligg under 0-1 til pause heime mot Elverum.
Dermed kunne Start sikre ei luke på sju poeng ned til kvalifiseringsplass med siger i Fredrikstad.
Keeper på bærtur
Men Fredrikstad, som kjempar for å overleve i 1. divisjon, tok alle poenga på Fredrikstad stadion.
Start tok leiinga ved kaptein Simon Larsen 37 minutt ut i kampen, etter at Fredrikstad-keeper Håvar Jenssen var fullstendig på bærtur.
På overtid av første omgang slo heimelaget tilbake, då Sanel Kapidzic utlikna.
Seks minutt ut i andre omgang fall avgjerda. Rocky Lekaj sende Fredrikstad opp i 2-1, som også vart sluttresultatet.
På opprykksplass
– Det betyr utruleg mykje. I dag spelar vi ein utruleg bra kamp og vinn fullt fortent, seier Fredrikstad-spelar Rocky Lekaj til Eurosport.
Start hadde fleire gode sjansar i andre omgang, men klarte aldri å få ballen i mål.
Sørlendingane ligg framleis på opprykksplass i 1. divisjon. Men avstanden ned til Sandnes Ulf og Ranheim er altså framleis på fire poeng.