NRK Meny
Normal

Start-tap i sesongavslutninga

Notodden vart for sterke for sørlendingane i Idrettsparken i Notodden. Det var tidlegare Start-spelar Aram Khalili som avgjorde kampen.

Aram Khalili og Ernest Asante

TAP: Start tapte siste serierunde mot Notodden søndag. Det var tidlegare Start-spelar Aram Khalili (t.h) som avgjorde kampen.

Foto: Scanpix - Sander Heggheim/NRK

Startspiller Aram Khalili

AVGJORDE: Aram Khalili (her i Start-drakt) avgjorde kampen for Notodden.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Det starta bra for sørlendingane då Gudmundur Kristjansson sende gultrøyene i leiinga 42 minutt ut i kampen.

Men rett etter pause fekk heimelaget straffespark, som Borgar Velta sette til høgre for Start-keeperen.

20 minutt før full tid avgjorde Aram Khalili for blåtrøyene som dermed vann kampen 2-1.

Med det enda Start på 66 poeng denne sesongen og er tre poeng føre Sarpsborg 08 på andreplass. Begge laga er klar for opprykk til eliteserien.

Sandefjord, Mjøndalen, Bodø/Glimt og Ullensaker/Kisa skal alle ut i kvalifisering til eliteserien.