Hopp til innhold

Start slo meisterliga-lag

Start slo FC Nordsjælland i ein treningskamp på La Manga torsdag. Danskane spelte meisterligafotball seinast i haust.

Glenn Andersen, Start

Glenn Andersen i duell med ein Nordsjælland-spelar.

Foto: Magne Kristiansen, ikstart.no

Gultrøyene fekk ein kanonstart på kampen då Espen Hoff sende laget i leiinga allereie fire minutt ut i kampen.

Kvarteret seinare dobla nyinnkjøpte Alejandro Casto leiinga til 2-0. Dette var også pauseresultatet.

Nøgd kaptein

I andre omgang reduserte FC Nordsjælland ved Emiliano Hansen. Sluttresultatet vart dermed 2-1 til sørlandsklubben.

– Vi møter ein godt motstandar. Sjølv om dei sikkert ikkje stilte med sitt beste lag, så var det eit bra mannskap utpå der, seier kaptein Glenn Andersen til klubben sin nettstad.

– Eg trur dei hadde gjort det godt i eliteserien, for å seie det slik, seier han.

Også trenar Mons Ivar Mjelde var nøgd med gjennomføringa av kampen.

– Vi møter eit ungt og svoltent Nordsjælland-lag som likar å flytte ball. Vi fekk trent på defensiv organisering og tok nok betre vare på ballen i første omgang, seier han til ikstart.no.

Mjelde: – Stor framgang

– Det var nokon som fekk seg små smellar i første omgang som gjorde at vi måtte gjere nokre byter, men det var viktig å vinne denne kampen, og det var stor framgang frå førre kamp mot Kalmar, seier Mjelde.

Mostandaren var ikkje kven som helst. Laget deltok i Meisterligaen i fjor haust der dei spelte mot Juventus, Sjakthar Donetsk og Chelsa.

Danskane rauk ut i gruppespelet, og fekk kun med seg eitt poeng. Det var på heimebane mot gruppevinnar Juventus.

FBL-EUR-C1-NORDSJAELLAND-CHELSEA

Danske Nordsjælland møtte mellom andre Fernando Torres og Chelsea i Meisterligaen tidlegare i fjor haust.

Foto: DANIEL SANNUM LAUTEN / Afp

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %