NRK Meny
Normal

Strømstad-scoring sende Start mot eliteserien

Mykje skal gå gale om Start ikkje klarar å rykkje opp til eliteserien. Søndag slo sørlendingane Alta 2-0 på bortebane.

Fredrik Strømstad

SIGER: Fredrik Strømstad scora då Start slo Alta på bortebane søndag kveld.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Gudmundur Krstijansson sende gultrøyene i leiinga 18 minutt ut i første omgang. Det var også pauseresultatet.

Det var Start som styrte spelet i Finnmarkshallen. Fem minutt før slutt fekk Fredrik Strømstad sjansen. Innbyttaren trengde berre tre minutt på å score.

Midtbanespelaren har slite med å få tillit hos trenar Mons Ivar Mjelde denne sesongen. Kontrakta til kristiansandaren går ut etter sesongslutt.

Dermed vann Start 2-0 og held luka ned til Sandefjord på ni poeng. Med fire kampar att er det berre 12 poeng å spele om.

Sarpsborg 08, på tredjeplass, ligg ti poeng bak sørlendingane med ein kamp mindre spelt