Start skal forsterke stallen

Administrerande direktør i Start, Sveinung Hovstad, varslar fleire endringar i spelarstallen før haustsesongen. Allereie innan eit par dagar kan den første spelaren vere på plass.

Sveinung Hovstad

VIL FORSTERKE: Administrerande direktør i Start, Sveinung Hovstad, lovar nye fjes til haustsesongen. (Arkivfoto)

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

– Overgangsvindauget opnar i august, og vi jobbar blant anna med å hente inn ein erstattar for Fredrik Strømstad som reiser tilbake til Frankrike, seier Hovstad til NRK.no.

Søndag spelte Brian Priske sin siste kamp for sesongen. Den danske høgrebacken har bestemt seg for å leggje opp.

Amin Nouri

START-AKTUELL? Amin Nouri har blitt hyppig linka til Start den siste tida. (Arkivfoto)

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Priske var ein situasjon som vi ikkje er veldig glade for. Vi har løyst den med Priske, som var fast bestemt på å leggje opp. Vi klarte å motivere han til å spele fram til no. Det har vi vore nøgde med, seier Hovstad.

VIF-back på veg?

Fleire medier melder at Vålerenga-backen Amin Nouri skal vere på veg til Start for å erstatte Priske.

– Vi kan snart introdusere ein erstattar for Priske. Det kjem truleg i løpet av eit par dagar, seier Hovstad.

Direktøren vedgår at mangel på pengar kan bli ei utfordring når det gjeld å få inn nye spelarar.

– Vi har dårleg økonomi som resten av eliteserien. Men vi har vore flinke på kostnadssida og vi har kontroll. Så vi har eit moglegheitsområde som vi kjenner til, som vi får bevege oss innanfor, seier han.

Video Nedturen fortsetter for Start

VIDEO: Supportarklubben Menigheden krev svar på fleire punkt etter eit nytt poengtap.

Smell mot Sogndal

Søndag fekk sørlendingane ein ny smell. Etter å ha leia kampen mot Sogndal i 82 minutt scora Sogndal på eit frispark som gjekk via hendene til Ole Martin Årst, og som sette keeper Kenneth Høie ut av spel. Det betyr at Start for alvor har hamna i botnstriden på tabellen.

Årst

START-JUBEL: Start-fansen hadde mykje å juble for tidleg denne sesongen. Seinare har det blitt nedtur på nedtur. (Arkivfoto)

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX
Knut Tørum

SLUTTA: Knut Tørum sa opp jobben som trenar i Start for kort tid sidan.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix
Frode Fredriksen

MIDLERTIDIG: Frode Fredriksen tok over trenaransvaret i Start då Tørum sa opp. Han veit ikkj kor lenge han skal leie laget.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

– No er det 15 kampar att. Vi skal jobbe beinhardt for å få ein god haustsesong slik at vi får spele eliteserie neste år også. Det er målet framover no, seier kaptein Olse Martin Årst.

– Vi har ting å rette på, men eg føler framleis at vi har ein fin «go» i gruppa. Den skal vi ta vare på. Vi skal ha masse speleglede og finne tilbake til det vi hadde i starten av sesongen. For vi skal ikkje gløyme at vi har hatt nokre vanvittig gode kampar, så vi veit at vi har potensial, seier han.

– Relativt alvorleg

Start fekk ein kjempestart på sesongen og vann tre av dei fire første kampane. Deretter har det blitt bomstopp. På dei 11 siste kampane har laget kun vunne ein kamp.

– Situasjonen er relativt alvorleg. Så er det slik at vi har eit halvt år å fikse det på, seier administrerande dirkektør Sveinung Hovstad.

– Kva har gått gale?

– Eg trur det er ein sum av fleire ting. Men vi har verken tid eller råd til å bruke mykje tid på det. Vi må konsentrere oss om det som skal skje no dei neste 14 dagane og innleiinga av haustsesongen, seier Hovstad.

Fredriksen ut sesongen?

Frode Fredriksen steppa inn som midlertidig trenar då Knut Tørum sa opp jobben. Hovstad vil ha ei snarleg avklaring på trenarspørsmålet.

– Det har gitt klubben høve til å tenkje gjennom trenarspørsmålet. Vi brukar endå ei til to veker på å gjere det. Så vil vi presentere ei varig løysing, seier han.

– Vi bør ha det på plass før serien startar opp igjen, seier Hovstad.

– Kva betyr ei varig løysing?

– Det betyr minimum at vi finn ei løysing ut året, og eventuelt ei meir permanent løysing som skal ta laget endå vidare. Det er to alternativ vi ser på, seier direktøren.

– Kan det tenkjast at vi Fredriksen får tillit ut sesongen, og at de jobbar med ein ny trenar frå neste år?

– Ja, det er heilt klart eit alternativ, men vi diskuterer andre løysingar også, og det er Frode Fredriksen veldig innforstått med, seier Hovstad.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.