Hopp til innhold

Start rundspela, audmjuka og knust

Molde var best i alt heime på Aker stadion. I løpet av 90 minutt vart det scora ni mål - heimelaget scora alle.

Kenneth Høie mot Molde

Kenneth Høie måtte sjå åtte ballar gå i nota.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Det såg ut til at Start skulle klare seg greit på Aker stadion frå start. Laget låg høgt og pressa Molde tilbake - utan å komme til dei store sjansen.

Så var det stopp.

Hoseth-show

For etter seks minutt scora Molde sitt første mål ved Vegard Forren. Ti minutt seinare dobla José Mota leiinga til 2-0.

Etter 31 minutt scora Magne Hoseth sitt første for dagen. Fire minutt la same mann på til 4-0, fire minutt etter det lag han på til 5-0 på straffe, og scora dermed ekte hattrick.

Det var ein oppgitt Start-assistent, Frode Fredriksen, som gjekk i garderoben med fem baklengs før pause.

– Vi har vel fått ein leksjon i effektiv fotball. Vi spelar dårleg og er dårlege på det meste, sa assistenten.

Start rundspelt

Molde-spelar Rune Ertsås (midten) set inn 7-1 til Molde i duell med Start-spelar Petter Bruer Hanssen.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Elendig Start-spel

Andre omang heldt fram slik den slutta. Molde best i alt, Start slurva og spelte pinleg dårleg fotball. Etter 59 minutt la Manchester United-spelar Mame Biram Diouf på til 6-0.

– Den einaste trøsten i dag er at det ikkje går å bli dårlegare, sa Knut Tørum rett etter kampslutt.

Ti minutt seinare reduserte Start, men det måtte ein Molde-spelar til for å score. Molde-keeper Knut Dørum Lillebakk boksa ballen i eige bur etter ein corner.

Snytt for straffe

Minuttet seinare vart heimelagt snytt for eit soleklart straffespark etter ei hovudlaus takling frå Cristian Bolaños. Knut Olav Rindarøy var sparka ned, men fekk gult kort for filming i staden for straffe.

Mame Biram Diouf

Manchester United-klare Mame Biram Diouf la på til 6-0 etter 59 minutt.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Ti minutt før slutt la innbyttar Rune Ertsås på til 7-1, medan José Mota sette punktum med sitt andre og Molde sitt åttande mål til 8-1 (!)

– Det er berre å erkjenne at vi vart utspelt av eit godt Molde-lag, seier Tørum.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %