Hopp til innhold

Start nærmare konkurs

Sponsorlauget Club 21 sa nei til å hjelpe Start.

Kurt Mosvold

Kurt Mosvold

Foto: Lars Helge Rasch/NRK

– Det kom ingen nye opplysningar opp. Club 21 har valgt å stå ved avgjerdsla som tidlegare varsla. Vi hadde håpa at Start Toppfotball kunne ordne opp sjølv, og det håpar vi framleis. Dersom det blir ein konkurs vil vi prøve å bidra, seier Kurt Mosvold i sponsorlauget Club 21 til NRK Sørlandet.

– Start må ha 18-20 millionar kroner inn for å komme på fote igjen, seier Mosvold.

Økonomisk fundament

– Det økonomiske fundamentet er ikkje godt nok. Vi håpar for all del at Start spelar eliteseriefotball også til neste år. Det håpar vi ordnar seg. Anten gjennom at Start Toppfotball gjer det sjølv, eller at det vert stabla på beina eit fornuftig økonomisk fundament som seier at vidare satsing er fornuftig, seier han.

– Hadde det vore lettare for dykk i Club 21 dersom Ernst Ravnaas ikkje hadde vore inne?

– Nei, altså. Ernst Ravnaas er ein utruleg sympatisk og fin type som vi tykkjer veldig godt om. Det er berre det at vi ser litt ulikt på økonomi, som gjer at vi ikkje har funne grunnlag for ei felles satsing. Men Ernst har gjort veldig mykje godt for Start, og den honnøren skal han ha, seier Mosvold.

Ordknapp direktør

Det betyr at Club 21 ikkje vil gå inn med pengar i klubben før Cultiva spyttar inn dei ti millionane som Start har søkt om. Søknaden om Cultiva-millionane vert behandla i morgon av Cultiva-styret.

– Våre pengar heng saman med Cultiva, seier han.

Administrerande direktør i Start, Rune Jacobsen, var særs ordknapp då han kom ut frå møtet.

– Vi held fram med å jobbe hardt for å finne løysingar, seier han.

– No må de finne løysingar utan Club 21.

– Ja, seier Jacobsen.

Tom Edvardsen

SKUFFA: Styreleiar i IK Start, Tom Edvardsen, var skuffa over at klubben ikkje vart einige med Club 21.

Foto: Lars Helge Rasch/NRK

Kjempar vidare

Styreleiar i IK Start, Tom Edvardsen, var skuffa etter møtet med Club 21, men er framleis optimist med tanke på å finne ei løysing på situasjonen.

– Det betyr at vi må halde fram å jobbe der det framleis er moglegheiter. Moglegheitene ser vi andre stader enn nødvendigvis Club 21. Meir enn det vil eg ikkje seie, seier Edvardsen til NRK Sørlandet.

– Vi har framleis tru på at andre løysingar fins. Det er det sporet vi følgjer no, seier Edvardsen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %