NRK Meny
Normal

Start møter Gais i oppkøyringa

Start har spikra treningskampane føre eliteseriesesongen 2011.

Knut Tørum

TRENINGSKAMPAR: Start møter lag frå både inn- og utland i oppkøyringa til neste års eliteseriesesong. (Arkivfoto)

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Allereie 19. januar skal Start i gang med den første treningskampen. Då er motstandar Gais i Sørlandshallen.

Slik ser terminlista ut

  • 19. januar: Start - Gais
  • 21. januar: Start - Halmstad
  • 23. januar: Plasseringskamp
  • 4. februar: Motstandar ikkje klar
  • 12. februar: La Manga (oppsett er ikkje klart, men Odd, Strømsgodset, Start, Viking, Kalmar, Midtjylland og Randers skal vere på La Manga samstundes. Start skal spele tre kampar)
  • 26. februar: Start - AaB
  • 6. mars: Viking - Start
  • 13. mars: Start - Brann

– Vi er veldig nøgde med treningskampane. Det er gode motstandarar frå inn- og utland. Dette vert spennande både for spelarar og publikum, seier sportsleg administrativ leiar i klubben, Rune Jakobsen til ikstart.no.