Hopp til innhold

Slik prøver Start-spelarane å fylle tribunane

Start-spelarane trår til sjølv for å fylle tribunane til kvartfinalen i cupen mot Lillestrøm. Tysdag ringde spelarane rundt til klubben sine sponsorar for å selje billettar.

Start-spillerne debuterte som telefonselgere. For når de møter Lillestrøm i cupen torsdag, håper de på fullt trøkk på tribunene

VIDEO: Henrik Dahlum og Sondre Tronstad i full gang med å ringe sponsorar for å selje billettar til cupkampen mot Lillestrøm torsdag.

– Hi, ny name is Alejandro Castro, from Start calling.

Slik introduserer Start-angriparen seg når han ringer sponsorar for å selje billettar til oppgjeret mot Lillestrøm torsdag.

2000 mot Stabæk

I åttendelsfinalen mot Stabæk var det berre 2000 tilskodarar på Sør Arena. Tysdag fekk spelarane ei telefonliste og ringde rundt for å selje flest mogleg billettar.

– Vi er ikkje naturlege seljarar i utgangspunktet. Men såpass må vi kunne by på oss sjølve, seier Espen Hoff til NRK.

– Dei fleste svarar ikkje, så det har ikkje blitt mykje sal til no. Men det er berre å halde fram, seier Henrik Dahlum.

I sofaen rett ved går rett nok billettsalet litt betre.

– Ti billettar. Det må vere godkjent, smiler Start-kaptein Glenn Andersen.

Vil fylle tribunane

Mediesjef i Start, Roy Emanuelsen, håpar på fleire enn 2000 tilskodarar i kvartfinalen mot Lillestrøm torsdag.

– Vi vil ha flest mogleg på kamp, så vi håpar at dette hjelp. Det er eit bra initiativ og vi gjer det vi kan for å fylle opp stadion. Vi ser at nokon av spelarane er drivne på dette og i angrepsposisjon, så vi får sjå kor vi endar til slutt, seier han.

– Det skal noko til å fylle opp stadion.

– Då må dei halde på, men dei må førebu seg til kampen også, smiler han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %