Hopp til innhold

Slutt for Sparebanken Sør som hovudsponsor for Start

Fredag skreiv Start under ny avtale med Sparebanken Sør. Men banken er ikkje lenger hovudsponsor.

Espen Hoff

Sparebanken Sør får ikkje lenger like god plass på drakta til Start. No jaktar klubben no hovudsponsor.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Den nye avtala gjeld berre for 2013, men med opsjon på to nye år til og med 2015, skriv klubben på nettstaden sin.

– Banken har vore uvurderleg for Start heilt frå byrjinga, og betyr at vi får eit solid økonomisk grunnlag for å satse på både eliteserien og junioravdelinga i åra som kjem, seier marknads- og sponsorsjef Ketil Børstein Stensrud.

Storleikene på avtala er ikkje kjend.

Sparebanken Sør har vore hovudsponsor for Start sidan 2006. Men i den nye avtala vil ikkje banken få ei like sentral plassering for logoen sin som dei siste åra.

Denne sesongen blir logoen plassert på brystet, over ein annan hovudsponsor.

Start er i dialog med fleire aktørar for å få på plass ein ny hovudsponsor før seriestart.

– Denne attraktive eksponeringsplassen kan generere minst 15–20 millionar kroner årleg. Arbeidet held fram for fullt inn mot seriestart, seier Børstein Stensrud.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %