Hopp til innhold

Start er dårlegast i eliteserien på 20 år

Etter 1-2-tapet mot Odd søndag kveld er det ein realitet at ingen lag i eliteserien har vore dårlegare enn Start dei siste 20 åra.

Start

Det er over eitt år sidan Start vann ein kamp i eliteserien. Heller ikkje denne gongen gjekk det rette vegen.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Start gjekk i leiinga på Sør Arena etter 13 spelte minutt, då Dulee Johnson sørga for kampens første scoring etter straffespark i heimelagets favør.

Etter 53 minutt sørga Chukwuma «Bentley» Akabueze for at gjestane frå Skien utlikna.

Når det var knappe ti minutt igjen av kampen stangar Olivier Occéan inn eit mål for bortelaget.

Difor kan ikkje Start heller denne gangen ta med seg tre etterlengta poeng, og gjer at den dystre statistikken for Kristiansandslaget held fram.

Dårlegaste i serien på 20 år

Ein gjennomgang NRK har gjort av tabellsituasjonen etter 19 serierundar viser at Start har den dårlegaste poengfangsten etter 19 serierundar dei siste 20 åra.

I fjor hadde Sandefjord 12 poeng etter 19 serierundar, i 2012 hadde Stabæk 10 poeng etter 19 serierundar, og i 2010 hadde Sandefjord 9 poeng etter 19 serierundar.

Alle desse laga rykka ned til slutt.

Gjennomgangen viser også at berre eitt lag har klart seg etter å ha ligge sist på tabellen etter 18 serierundar. Det var Start i 2013. Men då hadde laget 15 poeng etter dei første 18 serierundane.

NRKs fotballekspert, Karl Petter Løken, trur håpet om framleis spel i eliteserien er ute for Start.

– Start får prøve å få det beste ut av sesongen, men at det rykker ned det føler eg meg heilt overbevist om.

– Det er ingen som forventar all verda av Start utover sesongen, så då kan dei bruke det positivt i forhold til kva som skal skje neste år, seier Løken.

Start

Søndag kveld vann Odd nok ein gong mot Start på Sør Arena. Det er nesten ti år sidan sørlendingane har vunne mot Odd på heimebane.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Ti år sidan Start vann mot Odd på heimebane

Start står utan siger dei siste 33 kampane i Tippeligaen. Sist dei tok med seg tre poeng var etter 4-1 sigeren på heimebane mot Stabæk 4. juli i fjor.

Dette gir gultrøyene den sure rekorden på tidenes lengste rekke utan siger i øvste divisjon, framfor Sandefjords 27 kampar i 2010.

Start har tapt sju av sine ti siste kampar, og ligg nedst på tabellen med sju poeng.

Sist Start vann mot Odd på heimebane var 2-1 sigeren 5. november 2006.

Tidlegare denne sesongen vann Odd 3-0 mot Start på heimebane 17. april.

Framleis til gode å vinne

Gjestane frå Skien var avhengige av siger for å ta igjen Rosenborg. Odd ligg ni poeng bak serieleiaren.

Start har berre fått med seg eitt poeng på sine seks siste kampar og har framleis til gode å vinne denne sesongen.

Då dei to laga møttest førre sesong enda kampen med 4-0 siger for Odd på Sør Arena.

Laster innhold, vennligst vent..
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %