Hopp til innhold

Start blir rundspelt

Skader i forsvaret fører til store endringar på Start-laget som møter Molde på Aker stadion.

Kenneth Høie mot Molde

Kennth Høie måtte sjå fem ballar i nettet i første omgang.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Start la seg høgt frå start på Aker stadion. Men det var heimelaget som skulle få resultat først. El-Hadji Makhtar Thioune slo eit nydeleg frispark inn til Vegard Forren som reiv seg laus og fekk gå opp heilt umarkert i 16-meteren til Start. Dermed nikka Molde-spelaren inn 1-0 til heimelaget etter seks minuttar spel.

Ti minutt seinare dobla Josè Mota leiinga til 2-0.

– Effektiv fotball

Og det skulle bli meir Molde, for etter 31 minutt la Magne Hoseth på til 3-0 til heimelaget. Berre fire minutt seinare la same mann på til 4-0, og fire minutt etter det la han på til 5-0. Det vart også pauseresultatet.

– Vi har vel fått ein leksjon i effektiv fotball. Vi spelar dårleg og er dårlege på det meste, sa Start-assistent Frode Fredriksen i pausen.

Andre omgang held fram som den første avslutta. Manchester United-klare Mame Biram Diouf la på til 6-0 etter 59 minutt.

Sjølvmål

Etter 66 minutt skulle endeleg Start få ei scoring - men det måtte ein Molde-spelar til også her. Keeper Knut Dørum Lillebakk slo ballen i eige bur på ein corner. Minuttet seinare vart Molde snytt for ei soleklar straffe etter ei hovudlaus takling frå Cristian Bolaños. I staden gav dommaren gult kort til Knut Olav Rindarøy for filming.

Kampen ser du direkte på NRK1.

Kampfakta
Molde - Start (6-0)
Aker stadion

1-0 Vegard Forren (6)
2-0 Josè Mota (21)
3-0 Magne Hoseth (31)
4-0 Magne Hoseth (36)
5-0 Magne Hoseth (40)
6-0 Mame Biram Diouf (59)
6-1 Knut Dørum Lillebakk (SM 66)

Molde (4 -3-3): Knut Dørum Lillebakk - Marcus Andreasson, Christian Steen, Vegard Forren, Knut Olav Rindarøy - El-Hadji Makhtar Thioune, Daniel Berg Hestad, Magne Hoseth - Mattias Moström, Mame Biram Diouf, Josè Mota

Start (4-4-1-1): Kenneth Høie - Hunter Freeman, Bård Borgersen, Petter Bruer Hanssen, Branislav Milicevic (Rolf Daniel Vikstøl inn 46.) - Cristian Bolaños, Solomon Owello, Geir Ludvig Fevang, Espen Børufsen (Christer Kleiven inn 46.) - Mads Stokkelien - Bernt Hulsker

Benken: Tommy Runar, Morten Hæstad, Espen Knudsen, Aram Khalili, Rolf Daniel Vikstøl, Leif Otto Paulsen, Christer Kleiven

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %