No viser det seg nemleg at vidaresalsklausulen ikkje var tidsavgrensa. Ifølgje reglementet er vidaresalsklausulen kun gyldig i to år, dersom avtalen ikkje er tidsavgrensa.
Tydleg regel
– Generelt er det vanleg med tidavgrensing i avtaler, og noko vi anbefalar alle klubbar til, seier fagansvarleg for overgangar i NFF, Stein Pedersen til Aftenposten.
– Denne regelen er tydleg. Dersom den ikkje er tidsavgrensa, eller det ope går fram kor lenge den gjeld, så var det før to, og no tre år som gjeld, legg han til.
- LES OGSÅ: Annan-millionar til Start
Rosenborg vart gjort merksamme på regelen i samand med Tor Hogne Aarøy sin overgang frå Aalesund til Japan. Rosenborg trudde dei hadde sikra seg ein stor del av salssummen, men fekk nei av Aalesund.
– Eg har kjent til denne lova i mange år, og når lova ligg der så må vi forholde oss til den, seier klubbdirektør i Aalesund, Henrik Hoff til avisa.
Overraska Start-direktør
Rosenborg har så langt ikkje vore i kontakt med Start.
– Dersom lova skal tolkast slik som Aalesund seier, er det sjølvsagt likt for alle, seier sportsleg leiar i Rosenborg Erik Hoftun.
I Start kom meldinga overraskande.
- LES OGSÅ: Annan klar for Schalke
– Dette er nytt for meg, og ikkje noko vi har høyrt om. Vi vil forholde oss til den kontrakta som føreligg, og ynskjer ikkje å kommentere dette i pressa, seier Start-direktør, Sveinung Hovstad.