NRK Meny
Normal

Stal droner for 100 000 kroner

Fire personar er pågripne etter innbrot i elektronikkbutikken Elefun i Grimstad natt til måndag.

Overvakingskamera Elefun i Grimstad

Tjuvane brukte ein bil til å dra opp døra då dei braut seg inn.

Foto: Politiet

Tjuvane stal droner for kring 100 000 kroner. Innbrotet skjedde like før klokka tre natt til måndag.

– Overvakingsvideo viser at dei festa ei stropp til døra på butikken og over på ein bil som vart nytta til å dra døra opp, seier politistasjonssjef i Grimstad, Terje Gundersen til NRK.

Måndag føremiddag pågreip politiet tre menn for innbrotet i elektronikkbutikken. Tysdag føremiddag vart ein fjerde person pågripen.

– Dette er personar med tilknyting til Arendal- og Grimstad-området. Dei er sett i arresten og vil bli avhøyrt i dag, seier han.

– Alle er kjende for politiet frå før og kan knytast til liknande kriminalitet frå tidlegare, seier han.