Hopp til innhold

Stal båtmotorar for 1 million

Frekke tjuvar skar fleire hol gjennom veggane på HK Motorservice sine lager i Kristiansand natt til laurdag.

Innbrot HK Motorservice

INNBROT: Tjuvane skar hol i veggane og bar motorane ut. Totalt kan motorar til ein million kroner vere borte.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– 12-15 påhengsmotorar er borte, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Hans Petter Osaland til NRK.no.

Politiet har sikra seg fleire spor etter tjuvane, men har ingen mistenkte så langt. Dagleg leiar ved HK Motorservice, Jarle Knutsen, seier det er snakk om store verdiar som er borte.

Tre hol

– Det er litt vanskeleg å seie, men det kan vere motorar opptil 1 millionar kroner som er borte, seier han.

To av dei tre hola var allereie tetta då NRK.no var på staden.

– Det er snakk om særs tunge motorar, så det har vore ein stor jobb for dei som har gjort dette, seier Knutsen.

– Dei må ha hatt ein lastebil, legg han til.

Overvakingskamera

No ber politiet om tips får publikum for å oppklare innbrotet.

– Dersom det er nokon som har sett noko uvanleg ber vi om at dei tek kontakt. Det kan sjå ut som om det er proffe folk som står bak, seier Osaland.

HK Motorservice har ikkje overvakingskamera i hallane sine.

– Det er ekstra surt med tanke på at vi ventar på å få kamera montert, seier Knutsen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %