Hopp til innhold

Sprintkometen droppar 100 meter i EM

Even Meinseth i Grimstad står over 100 meteren under U20-EM i friidrett i Sverige. Sørlendingen satsar i staden alt på 200 meter.

Even Meinseth

Even Meinseth står over 100 meter under U20-EM i friidrett som startar denne veka.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Det er ganske tett program i eit meisterskap som går over fire dagar. Eg har betre sjanse til å hevde meg på 200 meter. Sidan 100 meteren går først har eg valt å droppe den, seier Meinseth til NRK.

Even Meinseth

Even Meinseth har hatt ein kjempesesong både på 100 og 200 meter.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Sørlendingen har hatt ein svært god sesong og har kvalifisert seg til U20-EM på begge distansane.

Ein av dei beste i Europa

På europastatistikken for juniorar har han den 17. beste tida på 100 meter før meisterskapet i Sverige. Meinseth sette ny personleg rekord på 10,55 under eit stemne i Tyskland i slutten av juni.

I det same stemnet sette han også ny pers på 200 meter med 21,07. Det betyr at det er berre Jaysuma Saidy Ndure har sprunge raskare i Norge så langt i år.

På 200 meter har han den 6. beste tida på europastatistikken. Før han på lista ligg fem britar, men berre tre av desse stiller i EM. Det gjer at Meinseth er ein av medaljefavorittane på 200 meter.

17 år gamle Even Meinseth trenes av sin mor Sølvi Meinseth som fremdeles har norgesrekorden - 21 år etter at piggskoene ble lagt på hylla.

Sjå reportasje med Even Meinseth.

Jaktar finaleplass

– Det kjem til å bli tett og jamt, men sjansane er der, seier Meinseth.

Klokka 20 fredag kveld spring Sørild-løparen forsøk på 200 meter. Finalen går laurdag klokka 16.

– No har eg berre fokus på å samle overskot og ikkje sløse vekk unødvendige krefter. Moglegheitene til ein finaleplass skal vere gode, seier han.

Onsdag ettermiddag gjennomfører han si siste treningsøkt før han skal i aksjon fredag.

– Det blir ei roleg økt der eg skal terpe svingteknikk, seier han.

10 beste i Europa på 200 meter (menn junior)

Namn

Nasjon

Tid (vind)

1. Elliot Powell

Storbritannia

20,68 (+0,9)

2. Reece Prescod

Storbritannia

20,70 (+0,8)

3. Cameron Tindle

Storbritannia

20,94 (+1,9)

4. Tommy Ramdhan

Storbritannia

21,00 (+1,9)

5. Toby Harries

Storbritannia

21,01 (+0,6)

6. Even Meinseth

Norge

21,07 (+0,2)

7. Ján Volko

Slovakia

21,08 (-0,5)

8. Kai Köllmann

Tyskland

21,09 (+0,9)

9. Karsten Warholm

Norge

21,10 (+0,9)

10. Jonathan Quarcoo

Norge

21,12 (+0,2)

10. Freddie Owsley

Storbritannia

21,12 (+0,2)

Ekspander/minimer faktaboks

10 beste i Europa på 100 meter (menn junior)

Namn

Nasjon

Tid (vind)

1. Ojie Edoburun

Storbritannia

10,25 (+1,3)

2. Filippo Tortu

Italia

10,33 (+0,6)

3. Joseph Dewar

Storbritannia

10,34 (+0,1)

4. Lukas Hein

Storbritannia

10,36 (+1,2)

5. Reuben Arthur

Storbritannia

10,38 (+1,9)

6. Oliver Bromby

Storbritannia

10,42 (+1,7)

7. Austin Hamilton

Sverige

10,43 (+1,3)

8. Tommy Ramdhan

Storbritannia

10,45 (+2,0)

9. Amaury Golitin

Frankrike

10,46 (+1,0)

10. Gustav Kjell

Sverige

10,50 (+1,3)

10. Rechmial Moller

Storbritannia

10,50 (+0,3)

17. Even Meinseth

Norge

10,55 (+0,1)

Ekspander/minimer faktaboks

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %