Hopp til innhold

Sprenging stengjer veg

Folk måtte vente opp mot ein time etter vegarbeid på fylkesveg 43 mellom Lyngdal og Farsund.

Sprenging Udestad

SPRENGING: Anleggsarbeid på Fv 43 mellom Lyngdal og Farsund vil stengje vegen i periodar.

Foto: Neil Stewart Mckenzie

NRK.no fekk fleire telefonar om eit mogleg sprengingsuhell ved Udestad. Tipsarane fortalde at folk venta opp mot ein time for å kunne komme seg vidare.

– Sprenginga var planlagt. Vegvesenet var med og alt har gått etter planen, seier dagleg leiar i Lindland Maskin, Sigve Lindland til NRK.no.

Sprengingsarbeidet vert utført i samband med utbetring av vegen.

– Vi vil gjere 1-2 store sprengingar kvar veke fram til midten av februar. Så folk må nok bu seg på å vente i periodar, men det var ikkje noko sprengingsuhell, seier han.

Han fortel at det er laga omkøyringsveg som vert nytta etter at sprenging er utført.

Har du tips til saker i ditt lokalmiljø? Tips oss på sorlandet@nrk.no

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %