Hopp til innhold

Sprang for livet i kranvelt

Berre flaks gjorde at to personar ikkje vart skada i ein dramatisk kranvelt på Sørlandet. No skal Arbeidstilsynet undersøkje saka.

Video Kranvelt i Ny-Hellesund

VIDEO: Sjå video frå kranvelten i Ny-Hellesund. Foto: Anne Wirsching/NRK / Montasje: Kari Løberg Skår/NRK

Paul Bjarne Nerheim

Paul Bjarne Nerheim

Foto: Anne Wirsching/NRK

– Dette såg ikkje bra ut. Her kunne vi fort ha fått ei alvorleg ulykke, seier Paul Bjarne Nerheim i Arbeidstilsynet til NRK.no.

– Du ser at fleire personar står for nær, slik at krana kunne ha truffe dei, seier han.

Kranvelten fann stad i Ny-Hellesund måndag. På området skal det blant anna byggjast eit restaurantanlegg og leilegheiter i regi av kokken Trond Moi og kunstnaren Per Fronth står bak.

NRK sin fotograf var på staden for å filme den planlagde kranvelten.

Vart nekta å filme

Fotografen vart først nekta å gjere opptak av selskapet AF Democ As, som stod for nedrigginga av krana.

Fleire personar som stod og såg på vart sjokkerte vitne til nestenulykka. I venstre biletkant ser du ein person som spring for livet, då han forstår at krana er i ferd med å falle rett mot han. I tillegg sit det ein mann i ei gravemaskin like ved.

– På midlertidige arbeidsplassar skal ein ha ei risikovurdering i forkant, spesielt på fallande gjenstandar. Det skal gå fram at ein har gjort ei skikkeleg vurdering rundt kva som kan gå gale, seier Nerheim.

Kranvelt Ny-Hellesund

DRAMA: Her ser arbeidaren krana komme imot seg. Fleire fekk med seg kranvelten frå den andre sida.

Foto: Anne Wirsching/NRK

– Uproblematisk

– Her ser det ut til at det kanskje ikkje har gått som planlagt, dersom dei har hatt ein plan, legg han til.

Krana skulle eigentleg takast ned førre torsdag, men dette vart utsett på grunn av for mykje vind.

Ingen i AF Decom As vil stille til intervju, men seier følgjande til NRK.no.

– I ettertid ser vi på saka som uproblematisk, seier Nils Terje Haugen i selskapet.

Får inn bilete

Arbeidstilsynet vurderer no om dei skal melde saka til politiet.

– Vi må ta oss ein tur for å sjå på byggjeplassen. Vi må sjå kva planar dei har og korleis dei skal følgje opp vidare, seier Nerheim i Arbeidstilsynet.

– Vi må ha saka på bordet for å sjå kva som har gått gale. Så får vi vurdere om vi skal melde saka til politiet, seier han.

Nerheim fortel også at Arbeidstilsynet stadig får meldingar frå publikum om brot på arbeidsmiljølova.

– Vi får mobilbilete som viser folk som er usikra og ting som kanskje ikkje er heilt etter planen. Er det alvorleg brot vert sakene melde til politiet, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %