Hopp til innhold

Splitter nytt golv gir skader

ØIF Arendal må flytte treningane til Nedeneshallen fordi golvet i splitter nye Sør Amfi er for hardt og fører til slitasjeskader.

Sør Amfi, Arendal

SLITASJE: Golvet i Sør Amfi er så hardt at ØIF Arendal-spelarane pådreg seg skader.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Ein del av oss har merkar det på rygg og akilles. Vi er godt vande med å trene i Nedeneshallen som er veldig fleksibel og god demping i parketten, seier André Jørgensen Hofstøl til NRK.no.

– Det er naturleg at det kjem litt småting når ein byter underlag til trening og aukar treningsmengda, seier han.

For raske

Før denne sesongen flytta eliteserieklubben inn i Sør Amfi med topp fasilitetar. Men overgangen har altså ikkje gått heilt etter planen, skriv Agderposten.

– Det er ikkje bra. Men vi har kanskje vore litt raske med overgangen. Vi skulle kanskje ha teke det litt meir gradvis, seier ØIF-spelaren.

Etter flyttinga frå Nedeneshallen var forventningane til spelekomforten i Sør Amfi særs store. Klubben gjekk frå godt gammaldags parkettgolv til sportsgolv med kunststoff.

Vil flytte treningar

– Golvet er hardare. Vi snakkar om eit golv som ligg rett på betong. Golvet i Nedeneshallen ligg på eit bjelkelag. Samstundes er det større friksjon i det nye golvet som kanskje har litt å seie, fortel Jørgensen Hofstøl.

Klubben vil no leggje nokre av treningane til gamlehallen.

– Vi må ta den overgangen no. Vi skal ha eit par treningar i Nedeneshallen framover. Så får vi sjå om det kan hjelpe, seier han.

Nedeneshallen

FLYTTAR: ØIF Arendal flyttar fleire treningar til Nedeneshallen fordi golvet er mjukare enn i Sør Amfi.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %