Hopp til innhold

Spent før EM: – Det blir eit rotterace

800 meter-løpar Trine Mjåland frå Kristiansand er nervøs før innandørs-EM i Praha.

Trine Mjåland

Trine Mjåland spring forsøksheat i innandørs-EM i Praha fredag føremiddag.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Eg er veldig spent og føler meg klar. Eg har sett på kven eg møter i forsøksheatet og det blir eit rotterace. Eg får berre bite i og prøve å henge med, seier Mjåland til NRK.

Alle konkurrentane i forsøksheatet har langt sterkare personleg rekord og sesongbeste enn sørlendingen.

Tøff konkurranse

Islandske Anita Hinriksdottir har den sterkaste tida i heatet til Mjåland og har sprunge på 2.01,77 i vinter. Mjåland har sett personleg rekord innandørs tidlegare i vinter med 2.05,27.

– Eg har ein plan for korleis eg har tenkt til å løyse det på best mogleg måte. Det er sterke konkurrentar, men det har eg vore borti før og løyst på ein god måte. Eg satsar på at det går bra denne gongen også, seier ho.

Mjåland har den svakaste personlege rekorden av alle dei 20 kvinnene som stiller til start i Praha. Dermed kan det bli tøft å ta seg vidare.

Håpar på sterk tid

– Eg har lyst på ei god tid. Eg kjenner ho eine eg skal springe mot og veit at ho skal skru opp farten. Gjer ho det kan det bli ei god tid. Sjølv om eg ikkje skulle gå vidare håpar eg på eit godt løp, seier sørlendingen.

24-åringen seier at det er stort å representere Norge i eit meisterskap.

– Det er alltid veldig gøy og stort for meg. Eg gler meg veldig mykje. Det er ei stor oppleving å vere med her. Eg ser på det som ei stor ære å få lov til, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %