– Konsekvensen er vi klar over kan komme dersom ein ikkje får økonomien til å gå opp. Slik er det i alle bedrifter. Det er den yttarste konsekvensen, men som vi sjølvsagt håpar å unngå, seier Espen Hoff, som er spelarane sin talsmann.
Start-direktør Sveinung Hovstad har levert si innstilling til styret. Der er oppseiingar eitt av alternativa etter at ein ikkje var einige med spelarane om eit lønnskutt.
Spelarane informert
Økonomien har prega sørlandsklubben dei siste vekene. Administrasjonen har jobba intenst med å få budsjettet til å gå opp.
– Vi gjer oss vel ikkje så mange tankar om kva som kjem ut av styremøtet i verste fall. Vi får berre vente å sjå, seier Hoff.
– Vi er godt nok informert og veit kva som eventuelt kan komme, legg han til.
Per dags dato har Start berre 14 spelarar på kontrakt. Det betyr at klubben må jakte billege erstatningar for spelarar som eventuelt ikkje får bli med vidare etter kveldens styremøte. Difor meiner Start-spelaren at det er viktig å få ei avklaring på situasjonen.
– Tung prosess
– Det har vore ein ganske tung prosess vi er inne i. Men eg føler vi har klart å halde fokus på trening. Men det er klart det tappar energi både hos oss spelarane og hos dei som leiar prosessen, seier Hoff.
Start-spelarane håpar sjølvsagt at ein unngår oppseiingar og finn andre måtar for å få økonomien i hamn.
– Det er klart at treningane er prega av at vi er litt få. Sjølvsagt er ikkje det optimalt. Vi ynskjer jo å få sett laget og troppen så raskt som mogleg. Det trur eg er eit ynskje både for oss i spelargruppa og styret. Det er årsaka til at vi prøvar å finne ei løysing slik at vi blir ferdige med dette, seier han.
Jaktar nye spelarar
Søndag sa trenar Mons Ivar Mjelde at han vil styrke stallen inn mot seriestart. Samstundes var han klar over at han kan miste spelarar på grunn av den dårlege økonomien i klubben.
– Vi skal ha 3–4 mann inn. Vi bør det for at denne troppen skal vere komplett. Så må vi helst ikkje miste så mange heller då, dersom det skal halde med 3–4 stykk, sa Mjelde.