Hopp til innhold

Spår «døden» for ordførerens parti

Verken Høgre, Framstegspartiet eller Arbeiderpartiet trur at Tvedestrand tverrpolitiske liste (TTL) har noko framtid.

Debatt om ordførerpartiet i Tvedestrand

Sjå debatt mellom Jan Dukene (TTL) og May Britt Lunde (Ap).

– Eg ser heilt klart at den tverrpolitiske lista kjem til å måtte oppløysast. Vi er mammaen til ei kommunesamanslåing i Tvedestrand og ynskjer at det skal skje til det beste for kommunen, seier Frps ordførarkandidat i kommunen, Anne Killingmo til NRK.

Jan Dukene

Jan Dukene er ordførar i Tvedestrand.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Dersom Tvedestrand vert slått saman med nabokommunane meiner Killingmo at TTL definitivt er historie.

– Dei har ikkje noko politisk parti i ryggen. Dei e ikkje noko politisk parti, seier ho.

– Må ha eit skifte

Høgre sin førstekandidat, Knut B. Aall, meiner at Tvedestrand har vore skadelidande i fleire år fordi ordføraren ikkje har støtte frå eit parti.

– Etter mi meining har dei utspelt si rolle fullstendig. Hadde dei hatt ei ordinær partitilknyting hadde dei oppnådd meir. At Tvedestrand over så lang tid utan den fremste politiske representanten ikkje har ein einaste partikollega i nabokommunane, i fylkestinget, Stortinget eller i regjeringa, gjer at Tvedestrand går glipp av fleire og fleire moglegheiter, seier Høgre sin førstekandidat Knut B. Aall.

– Dette har vi ikkje råd til lenger. Nå må vi få eit skifte. Det er viktig at innbyggjarane forstår behovet for å ha ein ordførar frå eit ordinært parti, seier han.

– Fokusèr eigen politikk

Også Arbeiderpartiets May Britt Lunde dreg fram det same som politikarkollegaene i Høgre og Framstegspartiet. Ordførar i TTL, Jan Dukene, slår tilbake.

– Dei har brukt dei siste 20-åra for å finne ut korleis dei skal få oss bort. Nå sler dei seg saman for å få vekk TTL frå Tvedestrand. Det hadde kanskje vore ein fordel om dei fokuserte på eigen politikk og ikkje at vi skal bort, seier Dukene.

Dukene tek ikkje for gitt at hans parti skal ha ordføraren dersom dei vert største parti ved valet.

– Men ein bør høyre på veljarane. Er du største gruppe er det normalt at anten den eine eller den andre sida får ordførarvervet. Har eit parti 30 prosent er det ikkje naturleg at den som sit på ti prosent får ordføraren, seier han.

Debatterte eiendomsskatt i Tvedestrand.

Se tvedestrandspolitikere debattere eiendomsskatt.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %