Hopp til innhold

Sørlendingar kjempar for Norge i landskamp

Sørlandet er representert med fire utøvarar under nordisk landskamp i friidrett i Växjö i Sverige.

Direkte fra Växjö.

  • Sjå tidsskjema til høgre

Lengdehoppar Margrethe Renstrøm var først ut av sørlendingane i Telekonsult Arena laurdag. Søgne-jenta fekk ikkje klaff i lengdegropa og vart ståande med 5,99 som sitt beste resultat.

Renstrøm enda på 6. plass i konkurransen. Khaddi Sagnia frå Sverige vann med 6,52. Nadia Akpana Assa vart Norges beste på 4. plass med 6,30.

Margrethe Renstrøm i aksjon under nordisk landskamp i Sverige.

Sjå Margrethe Renstrøm sitt beste hopp.

Karoline Daland frå Grimstad vart nummer åtte på 400 meter under nordisk landskamp i friidrett.

Sørlendingen sprang inn til tida 55,72. Det er ny sesongbeste innandørs. Daland sprang på 55,87 under Tyrvinglekene førre helg.

Sara Slott Petersen frå Danmark vann distansen med tida 52,59.

Karoline Daland på 400 meter under nordisk landskamp i Sverige.

Sjå løpet til Karoline Daland.

Erik Udø Pedersen frå Mandal vart nummer tre på 3000 meter under nordisk landskamp i friidrett i Sverige.

Sørlendingen sprang inn til 8.14,95. Svenske Staffan Ek vann med tida 8.10,92.

Even Meinseth frå Grimstad vart nummer fire på 200 meter under nordisk landskamp i friidrett i Sverige. Meinseth kom i mål på tida 21,41. Karsten Warholm frå Ullsteinvik gjekk til topps med tida 20,92.

Even Meinseth

Even Meinseth vart nummer fire i Sverige.

Foto: SVT

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %