Hopp til innhold

– USA har mykje å lære av måten vi behandlar fangar på

Trond Blattmann frå Kristiansand mista sonen sin på Utøya. I ein ny dokumentarfilm av Michael Moore fortel han om sitt syn på dødsstraff.

Where to Invade Next

Alle dei involverte i dokumentarfilmen «Where to Invade Next» på scena under den internasjonale filmfestivalen i Berlin førre veke. Trond Blattmann frå Kristiansand i midten.

Foto: Sandra Weller

Blattmann er med i den nye filmen «Where to Invade Next», som er laga av ein av USAs mest kjente og kontroversielle dokumentarfilmskaparar, Michael Moore.

Der vert sørlendingen mellom anna utfordra på sitt syn på dødsstraff.

Førre veke var han til stades på premiera under den internasjonale filmfestivalen i Berlin.

– Det er ein veldig interessant film som tek for seg viktige samfunnspolitiske område. Der er nokre sterke inntrykk, og gode inntrykk.

Trond Blattmann om Michael Moores film.

Sjå intervju med Trond Blattmann.

Kontroversielt at Noreg ikkje har dødsstraff

Blattmann fortel Moore utfordra han på tilnærminga han har til mannen som drap sonen hans.

Han seier amerikanarane var undrande til hans haldning i saka, men at han ikkje har trua på dødsstraff.

– I Noreg straffar vi for å rehabilitere. Eg har ei oppleving av at dei i USA straffar for å straffe.

Han fortel at forskjellen på Noreg og USA viser igjen i statistikken. I Noreg er tilbakefallet på 20 prosent etter fengsel, mot 80 prosent i USA.

– I så måte har Amerika mykje å lære av måten vi behandlar våre fangar på, og måten vi handterer utfordringa med å rehabilitere dei tilbake igjen til samfunnet.

Sjølv tykkjer han Noreg sin måte å handtere fangar på er mykje betre.

– Og det har tydelegvis Moore skjønt, sidan han kom til oss for å sjå.

Trond Henry Blattmann

Trond Blattmann saman med filmskapar Michael Moore under eit møte i Oslo for eitt år sidan.

Foto: Privat

– Skulle ønskje han svømte

I filmen får ein blant anna høyre at Blattmann fortel den sterke historia om at sonen Torjus ringde han for å spørje kva han skulle gjere då massemordaren var på øya.

Moore spør om han skulle ønskje sonen hadde ein pistol i staden for ein mobil den skjebnesvangre dagen.

– Eg skulle ønskje han svømte.

Dagsavisen sin kritikar trekk fram Blattmann sitt møte med Moore som det sterkaste i heile filmen, uavhengig av kvar ein kjem frå.

– Eg er ikkje så oppteken av mi rolle i denne filmen. Eg har blitt intervjua og utfordra på mitt syn på dødsstraff, og å fortelje litt om historia rundt 22. juli. Det har eg fått gjort, og eg tenkjer at det bør gi nokre tankar hos andre menneske også.

Filmen har premiere i Noreg 15. april. Her kan du sjå traileren til «Where to Invade Next»:

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %