Hopp til innhold

Sørlending i «We will rock you»

Sørlendingen Espen Grjotheim frå Grimstad spelar hovudrolla i musikalen «We Will Rock You». Torsdag kveld går han på scena i premieren på Folketeateret i Oslo.

Video Grjotheim i Queen-musikal

I HOVUDROLLA: Espen Grjotheim frå Grimstad er i hovudrolla når «We will rock you» brakar laust torsdag kveld. Bilete er frå ei prøve.

Espen Grjotheim

Espen Grjotheim

Foto: Jan Petter Dahl

– Det er ein litt rar dag. Vi har jobba mykje med dette i to månader. Det er premiere, så det er litt spesielt, seier Grjotheim til NRK.no.

«We Will Rock You» er den hittil største musikalproduksjonen i Norge. Over hundre personar er involvert både på og bak scena.

Artistane er henta inn frå både West End, Berlin og Stockholm, i tillegg til dei norske skodespelarane. Ein av dei er Grjotheim som tidlegare har vore med i Idol. Han vart nummer fem i den første utgåva i 2003.

Krevjande rolle

– Det er ei veldig krevjande sangrolle. Så det er balansen mellom å halde litt att og likevel gi jernet. Eg kjenner at stemma har fått litt hard medfart, men det er kanskje lov når det er snakk om rock'n roll, ler han.

Grjotheim har tidlegare sagt at musikalen er den største kraftanstrengelsen han har vorte borti.

– Det står eg for framleis. Eg kjenner det i heile kroppen, seier han.

Personleg godkjend

Rolla som Galileo fekk han etter å ha blitt personleg godkjent av dei gjenværande Queen-medlemmene Brian May og Roger Taylor.

– Dei har vore tungt inne i den kreative prosessen. Dei har vore med på å avgjere kven som skal vere med. Dei er tilstades og får med seg premiera. Eg skal faktisk ha lydsjekk saman med Brian May. Det er litt småsurrealistisk, seier han.

Han vedgår at det er ein draum som går i oppfyllelse når han står på scena i kveld.

– Hadde nokon sagt til meg at eg skulle syngje «Bohemian rhapsody» i ei oppsettjing for nokre år sidan, trur eg ikkje at eg hadde trudd heilt på det, seier Grjotheim.

Video We will rock you - Folketeateret

VIDEO: Sjå ein smakebit frå musikalen «We Will Rock You» på Folketeateret.

Føler seg trygg

No er han i gang med dei siste førebuingane før premieren.

– No blir det å halde kjeft. Eg skal prøve å halde stemma i ro og prøve å gjere dei tinga eg kan for å klare maks når det verkeleg gjeld, seier han.

– Eg føler meg ganske trygg. For vi har hatt ei ganske fin prøvetid. Vi har hatt tre fulle publikumsframsyningar som har vore heilt fantastisk der salen koka. Eg veit mykje om kva eg går til, men samstundes er det noko spesielt med premierer. Eg er veldig spent, men alt er under kontroll, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %