Hopp til innhold

Sjukehus uroa: – Pasientar ventar for lenge med å ta kontakt

Sørlandet sykehus er uroa fordi dei opplever at pasientar som treng akutt hjelp utset å ta kontakt med sjukehuset.

Sørlandet sykehus April 2020 utsiden eksteriør

Sørlandet sykehus har opplevd ein stor nedgang i talet på akuttpasientar. No ber dei folk som treng hjelp om å komme på sjukehuset.

Foto: Jon Anders Møllen / NRK

– Vi er framleis uroa for akutt sjuke pasientar som ventar for lenge med å ta kontakt når dei er sjuke, seier administrerande direktør ved Sørlandet sykehus, Nina Mevold.

Direktøren understrekar at uroa er knytt til pasientar som ikkje er smitta av koronaviruset, men som treng behandling.

Etter at koronaviruset braut ut har Sørlandet sykehus opplevd 30 prosent færre pasientar ved akuttmottaket.

– Vi har nokre døme på pasientar som har venta for lenge, utan at eg kan seie noko meir enn det, sier sjukehusdirektøren.

Nina Mevold

Sjukehusdirektør Nina Mevold ber pasientar som treng akutt hjelp om å ta kontakt med sjukehuset.

Foto: Jon Anders Møllen / NRK

Leitar etter svar

Sjukehuset har i fleire veker leita etter svar på kva som er årsaka til nedgangen talet på pasientar på akuttmottaket.

– Eg har endå ikkje noko godt svar på kvifor det er slik. Nokon er kanskje redde for å bli smitta. Men sjukehuset er nok ein tryggare stad å vere enn mange andre stader. Det er heilt trygt å komme på sjukehuset, seier fagdirektør Susanne Hernes.

– Det er viktig at pasientar som treng hjelp gir beskjed. Ein skal ikkje vente om ein treng akutt hjelp. Då skal ein ta kontakt med sjukehuset, seier Hernes.

Senger på Sørlandet sykehus i Kristiansand står klare for å ta imot koronapasienter

Sørlandet sykehus har no fire koronapasientar innlagde. To pasientar har døydde ved sjukehuset som følgje av koronasmitte til no.

Foto: Sørlandet sykehus

Etterslep på 11.000

Sørlandet sykehus opplever også lange ventelister ettersom mange timar har blitt avlyste som følgje av koronaviruset.

Sørlandet sykehus opplyser at dei har eit etterslep på opp mot 11.000 pasientavtaler om behandling eller kontroll på grunn av koronakrisa der sjukehuset har hatt høgre beredskap.

Mange pasienter fekk utsette timar på grunn av at sjukehuset måtte prioritere koronapasientar.

– Det er viktig å nytte vindauget som er der no. Vi brukar mai for pasientar som treng det mest. Pasientar må vere budde på innkalling og avlysing med korte fristar, seier sjukehusdirektøren.

Mange pasienter må rekne med video- eller telefonkonsultasjoner, opplyser Mevold.

Tala fordeler seg slik:

  • 3700 pasientar ventar på innlegging ved Sørlandet sykehus dei neste tre månadene
  • 1900 pasientar på dagkirurgi
  • 53.200 ventar på poliklinisk behandling
  • 70.300 ventar på polikliniske kontrollar
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %