NRK Meny
Normal

Songdalen vil utgreie samanslåing

Formannskapet i Songdalen vil forhandle med dei andre kommunane i Kristiansandsregionen om ei kommunesamanslåing.

Johnny Greibesland

Songdalen-ordførar Johnny Greibesland.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Valglogo

Samstundes ynskjer dei forhandling om ei samanslåing med kun Søgne.

– Dette er dei to reelle alternativa slik vi oppfattar det. Det er ikkje sikkert at vi landar på den store kommunen. Då vil vi ha alternativ for å sjå kva moglegheiter det gjer for framtida, seier ordførar Johnny Greibesland til NRK.

Opplever tidspress

Ordføraren meiner også at kommunen har dårleg tid. Difor vil formannskapet setje i gang to utgreiingar samstundes.

Jan Erik Tønnesland

Jan Erik Tønnesland (Ap).

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Vi må gjere det for å ha nokon som helst sjanse til å komme i land før sommaren, seier Greibesland.

Arbeidarparti-politikar Jan Erik Tønnesland vil sjå utgreiinga opp mot tenestene kommunen tilbyr i dag.

– Om utgreiinga viser at ei kommunesamanslåing lagar betre teneste er vi positive. Vi må stille alternativa opp mot det vi har i dag. Det er vårt referansepunkt, seier Tønnesland.

To kommunar har sagt nei

Det er ordføraren einig i.

– Vi må vere sikre på at tenestene blir omtrent som i dag og kanskje betre. Det er viktig at vi gjennom ei eventuell samanslåing vil få utviklingsressursar. Å utvikle kommunane vidare er kjempeviktig og vert berre viktigare i åra framover, seier Greibesland.

Både Vennesla og Iveland har allereie sagt avvist å bli med i ein storkommune. Dermed er det Kristiansand, Songdalen, Søgne, Lillesand og Birkenes som kan bli ein del av ein ny storkommune.