Hopp til innhold

Sommeråpent kjem til Hovden

16. juli kjem NRK Sommeråpent til Hovden. Bykle-ordførar Jon Rolf Næss gler seg til direktesending på NRK1.

Sommeråpent 2014

Her er nokre av programleiarane og reporterane som skal vere med i Sommeråpent.

Foto: NRK

– Det blir kjempegøy. Det er veldig hyggjeleg at dei har funne plass til å bruke ein kveld på oss, seier Næss til NRK.

Sommeråpnet-bilen skal ha til saman 30 stopp og skal innom 16 fylke i løpet av sommaren. Hovden i Bykle blir einaste stoppestad på Sørlandet.

Håpar på folkefest

– No skal vi mobilisere og få samla folket. Vi har jo tradisjon for at når det skjer noko så står vi skulder ved skulder og møtast. Dette blir veldig hyggjeleg, seier ordføraren.

Det er kjende profilar frå P3, Sporten, P1 og Dagsrevyen skal leie direktesendingane. No gler Næss seg til å vise fram kommunen sin.

– Fjellet er jo fantastisk på sommaren og. Det er veldig fint på Hovden og i fjellområda rundt oss på den tida. Vi er mest kjende for vinterproduktet, men sommarproduktet er på mange måtar like fint. Vi må prøve å få vise fram det vi har på sommaren, seier han.

I fjor reiste Sommeråpent landet rundt med båt langs kysten. I år har NRK leigd inn ein strøken folkevognbuss frå 1960.

Sending frå 17. mai

– Med ein gang du ser bilen får du den gode kjensla av ferie, sommar og oppleving. Den er ein bil full av nostalgi og historie og er ein kul bil, seier prosjektleiar for bilturen Kristin Ytre-Arne.

NRK sende også direkte frå 17. mai-feiringa får Bykle.

– Eg har fått fantastiske tilbakemeldingar frå 17. mai. Det er veldig hyggjeleg at NRK går litt utanom dei store byane og kan vise fram dei flotte plassane i distrikta, seier Jon Rolf Næss.

Sjå innslag frå Bykle 17. mai:

Intervju med Jon Rolf Næss om 17. mai forberedelser i Bykle.
Tradiosjonen tru vart det arrangert langrennsløp i bunad i Bykle 17. mai. – Det er ikkje ille, seier deltakar.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %